Westmoreland Parish
| Westmoreland | |||
| fylke | |||
Negril fyr i Westmoreland. Foto: D Ramey Logan | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Cornwall | ||
| Hovudstad | Savanna-la-Mar | ||
| Areal | 807[1] km² | ||
| Folketal | 149 857 (2019)[2] | ||
![]() Westmoreland Parish 18°14′00″N 78°09′00″W / 18.233333333333°N 78.15°W | |||
| Wikimedia Commons: Westmoreland Parish | |||
Westmoreland Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sørvest på øya. Det grensar til Hanover Parish i nord, Saint James i nordaust og Saint Elizabeth i aust. Den største byen og administrasjonssenteret er Savanna-la-Mar, som også er ein hamneby og eit handelssenter.[3]
Savanna-la-Mar har rundt 1 000 innbyggjarar. Andre viktige tettstader er Little London, Petersfield, Bethel Town, Williamsfield og Darliston.[3]
Det vestlegaste punktet på Jamaica, Negril Point, ligg i fylket. Like ved ligg Negril fyr og den kjende turistbyen Negril. Det blir drive fiske frå Negril, Bluefields, Little Bay og White House.[3] Jordbruk er også viktig i fylket, som har næringsrik jord og jamne nedbørsmengder. Rundt ein fjerdedel av fylket er flatt og passar til sukkerrøyrdyrking. I Frome finst ein stor sukkerfabrikk. I tillegg til sukker- og romproduksjon er kvegdrift og risdyrking viktige næringsvegar.[3]
Folk frå Westmoreland
[endre | endre wikiteksten]- Mary Morris Knibb (1886–1964), lærar, reformator og velgjerar
- Gladys Bustamante (1912–2009), aktivist
- Winthrop Graham (f. 1965), friidrettsutøvar
- Owen Beck (f. 1976), boksar
- Allison Beckford (f. 1979), friidrettsutøvar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Parish Profile: Westmoreland, Jamaica Information Service
- ↑ https://statinja.gov.jm/Demo_SocialStats/PopulationStats.aspx.
- 1 2 3 4 «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 6. desember 2017.

