Hopp til innhald

Whalsay

Whalsay
Vegen mellom Symbister og Isbister. Foto: Colin Park
Vegen mellom Symbister og Isbister.
Foto: Colin Park
Geografi
Whalsay is located in
Whalsay ()
StadNordsjøen
Koordinatar60°20′N 0°59′W / 60.333°N 0.983°W / 60.333; -0.983
ØygruppeShetlandsøyane
Areal19,7 km²
Høgaste punktWard of Clett (119 moh.)
Administrasjon
LandSkottland
RegionShetlandsøyane
Største busetnadSymbister
Demografi
Folketal1034 [1][2] (2001)
Folketettleik52,5 /km²

Whalsay (av norrønt Hvalsey, 'Kvaløy') er ei øy i Shetlandsøyane i Skottland. Øya ligg austom Shetland Mainland og hadde i 2001 vel 1030 innbyggjarar. Øya er frodig og relativt tett busett. Dei viktigaste næringsvegane er fiskeria og jordbruket (crofting).

Viktigaste landsbyen er Symbister sør på øya. Der har fiskeflåten heimehamn. Ferjene til og frå Mainland går mellom Symbister og Laxo og Vidlin. Til vanleg er det to ferjer som går i trafikk mellom Symbister og Laxo. Ferjene går kvart 45. minutt, og overfarten tek om lag 30 minutt. Når vêret er for hardt og sjøen for grov går ferjene til Vidlin i staden for til Laxo. Denne turen tek i godt vêr om lag 45 minutt, men i dårleg vêr kan det ta mykje lenger tid.

Øya har òg ei flystripe, ho ligg ved Skaw nord på øya.

Andre landsbyar er Clate, Isbister, Sandwick, Saltness, Challister og North Park.

Ved Skaw ligg Skaw Taing som er ein 18-hols golfbane, den nordlegaste i Storbritannia.

Whalsay er òg kjend som «bonny isle».

Utviklinga av folketalet på Whalsay

[endre | endre wikiteksten]
ÅrFolketal
1841628
1861728
1871854
1881870
1931900
1961764
1971870
19811025
19911041
20011034
  1. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
  2. Ordnance Survey

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Nettstader

[endre | endre wikiteksten]