What'd I Say

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
What'd I Say
Singel av Ray Charles
frå albumet What'd I Say
B-side «What'd I Say, Pt. 2»
Utgjeve Juli 1959
Innspelt 18. februar 1959
Sjanger Rhythm and blues, soul
Lengd 6:30
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Ray Charles
Produsent Jerry Wexler
Ray Charles-kronologi
«Night Time Is the Right Time»
(1959)
What'd I Say «I'm Moving On»
(1959)


«What'd I Say» (eller «What I Say") er ein amerikansk rhythm and blues-song av Ray Charles gjeve ut i 1959. Som singel vart songen delt i to delar og han var ein av dei første soul-songane. Komposisjonen vart improvisert ein kveld seint i 1958 då Charles, orkesteret hans og korsongarar hadde spelt ei heil setliste på eit show og framleis hadde noko tid att. Responsen frå publikum var så entusiastisk at Charles sa til produsenten sin at han ønskte å spele inn songen.

Etter fleire R&B-hittar, vart denne songen det endelege gjennombrotet til Charles og utløyste ein ny undersjanger i R&B kalla soul, og alle elementa som Charles hadde skapt sidan han spelte inn «I Got a Woman» i 1954 vart no sett saman. Gospel og rhumba kombinert med seksuelle hint gjorde ikkje songen berre populær men òg særs kontroversiell hos både det kvite og svarte publikummet. Singelen var den første gullplata for Ray Charles og vart ein av dei viktigaste songane innan R&B og rock and roll. For resten av karrieren sin avslutta Charles nesten kvar einaste konsert med denne songen. Songen vart lagt til National Recording Registry i 2002 og han er rangert på 10. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Komposisjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I følgje sjølvbiografien til Charles vart «What'd I Say» improvisert fram på slutten av ein konsert i desember 1958.[1][2] Normalt pleidde han ikkje å spele songar for publikum før han hadde spelt dei inn, men «What'd I Say» var eit unntak.

Songen starta på elektrisk piano med ei rekkje riff, før Charles byter til vanleg piano for fire refreng akkompagnert av ein latinsk conga-tumbao-rytme. Songen endrar seg når Charles byrjar å syngje enkle, improviserte vers («Hey Mama don't you treat me wrong / Come and love your daddy all night long / All right now / Hey hey / All right»). Charles nytta element frå gospel i ein 12-takts bluesstruktur.[3][4] Somme av dei første linjene («See the gal with the red dress on / She can do the Birdland all night long») er inspirert av ein boogie-woogie-stil ala Clarence «Pinetop» Smith som brukte å rope til dansarane på dansegolvet kva dei skulle gjere gjennom teksten sin.[5] I midten av songen seier Charles at the Raelettes skal repetere det han gjer.[3]

Atlantic Records hadde akkurat kjøpt ein 8-sporsopptakar og lydteknikaren Tom Dowd var i ferd med å gjere seg kjend med apparatet. I februar 1959 spelte Charles og orkesteret hans inn «What'd I Say» i det vesle studioet til Atlantic. Songen vart spelt inn på tre-fire forsøk, sidan bandet hadde spelt han ein del på konsertane sine.[6]

Det var to problem med innspelinga. Det eine var lengda på over sju og eit halvt minutt, når den normale lengda for songar spelt på radio var kring to og eit halv minutt. Det andre var at sjølv om teksten ikkje var obskøn, så uroa lydane Charles og the Raelettes laga i delar av songen Down og produsentane. Ein tidlegare song kalla «Money Honey» av Clyde McPhatter vart bannlyst i Georgia og Ahmet Ertegun og Wexler hadde gjeve han ut likevel, og risikerte arrestasjon.[7] Ray Charles var klår over kontroversen i «What'd I Say": «Eg tolkar ikkje mine eigne songar, men om du ikkje forstår 'What I Say', så er det noko gale med deg. Anten det, eller så er du ikkje kjend med dei søte elskovslydane.»[8]

Dowd løyste det med å mikse tre versjonar av songen. Songen vart delt i to og plassert på kvar si side av singelen, i tillegg vart nokre av dei mest kontroversielle partia fjerna frå ein av miksane.[9] Singelen vart gjeven ut i juni 1959.[10][11]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Billboard gav først «What'd I Say» ei elendig melding: «Han ropar ut støytvis ... Side to er nett lik.»[12] Sekretariatet i Atlantic Records byrja å få telefonar frå distributørane. Radiostasjonane nekta å spele songen fordi han var for seksuelt ladd, men Atlantic nekta å fjerne singelen frå butikkane. Ein noko reinare versjon kom ut i juli 1959 etter alle klagane og songen gjekk inn på 82. plass på singellista. Ei veke seinare klatra han til 43. plassen, og så til 26. plassen. Billboard skreiv ei ny melding fleire veker seinare der dei skreiv at songen var «den sterkaste popsongen artisten har gjort til no».[12] I løpet av få veker toppa «What'd I Say» R&B-lista i USA og nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100, og vart den første gullplata til Charles.[13] Det var òg den bestseljande singelen Atlantic Records hadde hatt til då.[7]

«What'd I Say» vart bannlyst av mange svarte og kvite radiostasjonar fordi, som ein kritikar sa, «dialogen mellom han sjølv og korsongarane hans starta i kyrkja og enda opp på soverommet».[14] Den erotiske karakteren var tydeleg for lyttarane, men eit djupare aspekt ved blandinga av svart gospel og R&B plaga mange i det svarte publikummet. Musikk, var som mykje av det amerikanske samfunnet, segregert, og somme kritikarar mislikte at gospel ikkje berre vart spelt av sekulære musikarar, men òg vart marknadsført for eit kvitt publikum.[14] Under fleire konsertar i 1960-åra vart publikum så frenetisk og konsertane minna så mykje om vekkingsmøte medan Charles spelte «What'd I Say» at politiet stundom vart kalla inn fordi arrangørane var redd det skulle bryte ut opprør.[15] Den morale kontroversen kring songen har vore medverkande til kor populær songen vart. Charle sa seinare at rytmen var fengande, men at det var den antydande teksten som tiltrekte lyttarane: « 'See the girl with the diamond ring. She knows how to shake that thing.' Det var ikkje diamantringen som tok dei.»[13] «What'd I Say» vart den første Ray Charles-hitten som kryssa over til rock and roll-sjangeren.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I ein augneblink, oppstår denne musikken kalla soul. Halleluja!

Michael Lydon, som skreiv ein biografi om Charles, oppsummerte innverknaden til songen slik: «'What'd I Say' var eit monster med fotavtrykk større enn skonummeret. Vågal annleis, vilt sexy og særs dansbar. Songen nagla fast lyttarane. Når 'What'd I Say' kom på radio ville somme slå han av i avsky, men millionar skrudde opp volumet og song 'Unnnh, unnnh, oooooh, oooooh' i lag med Ray og the Raelets. Han vart midtpunktet på milionar av festar, starten på så mange romansar, og ein sommarsong å deite til.»[12] Songen slo ikkje gjennom umiddelbart i USA, men vart særleg populær i Europa. Paul McCartney vart så slått av songen at då han høyrte han berre visste han at han ville drive med musikk.[16] George Harrison hugsar ein fest han var på i 1959 der songen vart spelt utan stopp i åtte timar: «Det var ein av dei beste songane eg hadde høyrt.»[14] Medan the Beatles utvikla stilen sin Hamburg, spelte dei «What'd I Say» kvar kveld, og såg kor lenge dei kunne få songen til å vare med å få publikum med på call and response.

Mick Jagger song for første gongen med bandet som skulle bli the Rolling Stones, song han ein duett av «What'd I Say». Eric Burdon frå the Animals, Steve Winwood frå the Spencer Davis Group, Brian Wilson frå the Beach Boys og Van Morrison har alle nemnt songen som ei stor inspirasjonskjelde og hadde alt spelt songen på konsertane sine.[17][18] Musikkhistorikaren Robert Stephens meiner soul-musikken vart fødd med «What'd I Say» då gospel og blues vart blanda med stor suksess. Den nye sjangeren vart seinare utvikla vidare av musikarar som James Brown og Aretha Franklin.[3]

«What'd I Say» har blitt spelt av mange andre artistar i mange forskjellige stilartar. Elvis Presley nytta songen i ein stor dansescene i filmen Viva Las Vegas frå 1964 og gav han ut som singel. Cliff Richard, Eric Clapton med John Mayall & the Bluesbreakers, the Big Three, Eddie Cochran, Bobby Darin, Alvin and the Chipmunks, Nancy Sinatra, Sammy Davis jr., Roy Orbison, Johnny Cash og The Ronettes gav alle ut sine versjonar av songen.[19] Jerry Lee Lewis fekk stor suksess med sin versjon i 1961, og nådde 30. plassen på singellista.[20] Charles sa seinare: «Eg såg at mange av stasjonane som bannlyste songen då eg spelte han, byrja å spele songen då han vart spelt av kvite artistar. Dette var rart for meg, som om kvit sex var reinare enn svart sex. Men så snart dei byrja å spele den kvite versjonen, så byrja dei òg å spele originalen.»[8]

Charles avslutta kvar einaste konsert han spelte resten av karrieren med denne songen. «'What'd I Say' er den siste songen min på scenen. Når eg gjer 'What'd I Say', treng du ikkje tenke meir på det - det er slutten for min del - det kjem ikkje fleire ekstranummer, ingenting. Eg er ferdig!»[10]

Songen vart rangert på 10. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene, og skreiv: «Charles si grynt- og stønn-utveksling med the Raeletts var det nærste du kom lyden av ein orgasme på radio i Eisenhower-tida».[21] I 2000 vart han rangert på 43. plass på lista til VH1 over dei 100 beste rock and roll-songane, og 96. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste dansesongane, den eldste på lista.[22][23] Det same året vart han valt ut av National Public Radio som ein av dei 100 viktigaste songane på 1900-talet.[24] Ein sentral scene i biografifilmen Ray i 2004 kan ein sjå ein improvisasjon av songen, framført av Jamie Foxx, som vann Oscarprisen for rolla si som Charles.[25][26] Av historiske, kunstnariske og kulturelle årsaker, la Library of Congress songen til det amerikanske National Recording Registry i 2002.[27] Rock & Roll Hall of Fame hadde songen med på lista si over 500 songar som forma rock and roll i 2007.[28]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charles and Ritz, s. 189.
  2. Lydon, s. 153.
  3. 3,0 3,1 3,2 Stephens, Robert W. (Spring 1984). «Soul: A Historical Reconstruction of Continuity and Change in Black Popular Music», The Black Perspective in Music, 12 (1), s. 21–43.
  4. Stewart, Alexander (October 2000). «'Funky Drummer': New Orleans, James Brown and the Rhythmic Transformation of American Popular Music», Popular Music, 19 (3) s. 293–318.
  5. Evans, p. 109.
  6. Ertegun, s. 118.
  7. 7,0 7,1 Evans, s. 110.
  8. 8,0 8,1 Charles and Ritz, p. 191.
  9. Creswell, s. 721.
  10. 10,0 10,1 Jackson, Blair (October 2004). "Recording Notes: Classic Tracks: Ray Charles' 'What'd I SayMal:'", Mix, 28 (11), pp. 130, 132
  11. Lydon, s. 158.
  12. 12,0 12,1 12,2 Lydon, s. 164.
  13. 13,0 13,1 Fong-Torres, Ben (18. januar 1973). The Rolling Stone Interview: Ray Charles Rolling Stone. Henta 28. februar 2015.
  14. 14,0 14,1 14,2 Evans, s. 111.
  15. Lydon, s. 195, 204.
  16. Lydon, s. 164–165.
  17. Evans, s. 112–113.
  18. Morrison, Van (15. april 2004). The Immortals – The Greatest Artists of All Time: 10) Ray Charles, Rolling Stone. Henta 28. februar 2015. Arkivert 22. august 2008 på Wayback Machine.
  19. Evans, s. 113.
  20. Whitburn, Joel (2003). «Lewis, Jerry Lee», Joel Whitburn's top pop singles 1955–2002, Billboard. ISBN 0-89820-155-1
  21. Rolling Stone (9. desember 2004). Henta 28. februar 2015. Arkivert 14. juli 2008 på Wayback Machine.
  22. "Stones' Satisfaction Top Rock Anthem», The Ottawa Citizen (8. januar 2000), s. E11.
  23. Gaynor 'Survives' To Become VH1's Greatest Dance Song, Billboard.com. Henta October 7, 2009.
  24. The 100 most important American musical works of the 20th century, National Public Radio (21. februar 2000). Henta 1. november 2009.
  25. Goldstein, Patrick (3. november 2004). «The Soul of 'Ray'; Capturing the spirit, if not Each Event, of the Late Musical Legend's Amazing Life», The Los Angeles Times, s. E.1.
  26. Horn, John; King, Susan (28. februar 2005). «The Oscars: 'Million Dollar Baby' Delivers a 1-2-3-4 Punch; Eastwood, Swank, Freeman and the film win», The Los Angeles Times, s. A.1.
  27. The Full National Recording Registry Library of Congress. Henta 28. februar 2015.
  28. Songs that Shaped Rock and Roll Rock and Roll Hall of Fame (2007). Henta 28. februar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]