What's Up, Tiger Lily?
Regi | Woody Allen Senkichi Taniguchi |
---|---|
Produsent(ar) | Charles H. Joffe |
Manus | Woody Allen Louise Lasser Len Maxwell Julie Bennett Frank Buxton Mickey Rose Bryna Wilson |
Medverkande | Louise Lasser, The Lovin' Spoonful, Woody Allen, Frank Buxton, China Lee, Akiko Wakabayashi, Mie Hama, John Sebastian, Mickey Rose, Tatsuya Mihashi ![]() |
Musikk | The Lovin' Spoonful |
Sjeffotograf | Kazuo Yamada ![]() |
Produksjonsselskap | Benedict Pictures Corp. National Recording Studios Toho |
Distributør | American International Pictures |
Utgjevingsdato | 1966 |
Lengd | 80 minutt min. |
Opphavsland | USA ![]() |
Språk | Engelsk |
Budsjett | ~$400,000[1] |
What's Up, Tiger Lily? er ein USA-amerikansk komediefilm frå 1966, regissert av Woody Allen som regidebuten hans.
Allen tok ein japansk spionfilm, Kokusai himitsu keisatsu: Kagi no kagi og overdubba han med heilt ny dialog som ikkje hadde noko med plottet til den originale filmen å gjere.[2] Ved å setje inn nye scenar og omarrangere rekkefølgja på scenane i den originale filmen, endra han heilt tonen i filmen frå ein James Bond-klone til ein komedie om søkjinga etter den beste eggesalatoppskrifta i verda.[3]
Under postproduksjonen vart den originale timeslange TV-versjonen utvida med fleire scenar frå International Secret Police: A Barrel of Gunpowder og musikalske nummer av The Lovin' Spoonful. This experience helped convince Allen that he should secure creative control for all his future projects.[4] Bandet gav ut musikken på eit album. Louise Lasser, som var gift med Allen på den tida, var ein av stemmeskodespelarane for den nye dialogen. Det same var Mickey Rose, som skreiv Take the Money and Run (1969) i lag med Allen og Bananas (1971).[3] I 2003 kom filmen ut på DVD.
Filmmusikkalbum[endre | endre wikiteksten]
What's Up Tiger Lily? Filmmusikk av The Lovin' Spoonful | ||
Utgjeve | September 1966 | |
Sjanger | Folkrock | |
Selskap | Kama Sutra | |
The Lovin' Spoonful-kronologi | ||
---|---|---|
Daydream (1966) |
What's Up Tiger Lily? | Hums of the Lovin' Spoonful (1966)
|
Filmmusikkalbumet til What's Up Tiger Lily? kom ut i 1966. Det inneheld musikk av The Lovin' Spoonful. Lydteknikaren hos National Recording Studios var Fred Weinberg, som kom til å produsere og vere lydteknikar på mange andre filmar og album. Det kom ut på CD i lag med You're a Big Boy Now, musikken deira til filmen frå 1966 av Francis Ford Coppola.[5] Albumet nådde 126. plassen på Billboard Pop Albums-lista
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Introduction to Flick» | 2:14 |
2. | «Pow!» | 2:26 |
3. | «Gray Prison Blues» | 2:04 |
4. | «Pow Revisited» | 2:26 |
5. | «Unconscious Minuet» | 2:05 |
6. | «Fishin' Blues» | 1:59 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Respoken» | 1:48 |
8. | «Cool Million» | 2:02 |
9. | «Speakin' of Spoken» | 2:41 |
10. | «Lookin' to Spy» | 2:29 |
11. | «Phil's Love Theme» | 2:23 |
12. | «End Title» | 4:06 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «What's Up, Tiger Lily?» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ B is for Low Budget and Big Box Office Bucks, So Sam Arkoff is Proud to Be Called Hollywood's King of the B Pictures. Arkivert 2014-05-23 ved Wayback Machine. People Magazine. Henta 23. mai 2014.
- ↑ Mavis, Paul. «What's Up, Tiger Lily?». DVD Talk. Henta 10. mai 2012.
- ↑ 3,0 3,1 «International Secret Police». Tokyo Street Report. 16. april 2009. Arkivert frå originalen 4. juli 2010. Henta 15. september 2010.
- ↑ «Woody Allen». Screenwriter's Utopia. Arkivert frå originalen 26. mai 2011. Henta 15. september 2010.
- ↑ Ruhlmann, William. «What's Up, Tiger Lily? / You're a Big Boy Now». Allmusic. Henta 15. september 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- {{{tittel}}} ved The Internet Movie Database (IMDb)