What's Up, Tiger Lily?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
What's Up, Tiger Lily?
RegiWoody Allen, Senkichi Taniguchi Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Charles H. Joffe Sjå dette på Wikidata
ManusWoody Allen, Louise Lasser, Mickey Rose, Julie Bennett Sjå dette på Wikidata
MedverkandeLouise Lasser, The Lovin' Spoonful, Woody Allen, Frank Buxton, China Lee, Akiko Wakabayashi, Mie Hama, John Sebastian, Mickey Rose, Tatsuya Mihashi Sjå dette på Wikidata
MusikkThe Lovin' Spoonful Sjå dette på Wikidata
SjeffotografKazuo Yamada Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapToho Sjå dette på Wikidata
DistributørAmerican International Pictures, Netflix Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1966
Lengd80 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Sjangerspionfilm Sjå dette på Wikidata

What's Up, Tiger Lily? er ein USA-amerikansk komediefilm frå 1966, regissert av Woody Allen som regidebuten hans.

Allen tok ein japansk spionfilm, Kokusai himitsu keisatsu: Kagi no kagi, og overdubba han med heilt ny dialog som ikkje hadde noko med plottet til den originale filmen å gjere.[1] Ved å setje inn nye scenar og omarrangere rekkefølgja på scenane i den originale filmen, endra han heilt tonen i filmen frå ein James Bond-klone til ein komedie om leitinga etter den beste eggesalatoppskrifta i verda.[2]

Under postproduksjonen vart den originale timeslange TV-versjonen utvida med fleire scenar frå International Secret Police: A Barrel of Gunpowder og musikalske nummer av The Lovin' Spoonful. Denne opplevinga hjelpte til med å overtyda Allen om at han måtte sikra seg kreativ kontroll over alle dei framtidige prosjekta sine.[3] The Lovin' Spoonful gav ut musikken på eit album. Louise Lasser, som var gift med Allen på den tida, var ein av stemmeskodespelarane for den nye dialogen. Det same var Mickey Rose, som skreiv Take the Money and Run (1969) i lag med Allen og Bananas (1971).[2] I 2003 kom filmen ut på DVD.

Filmmusikkalbum[endre | endre wikiteksten]

What's Up Tiger Lily?
Filmmusikk av The Lovin' Spoonful
Utgjeve September 1966
Sjanger Folkrock
Selskap Kama Sutra
Komponist The Lovin' Spoonful
The Lovin' Spoonful-kronologi 
Daydream
(1966)
What's Up Tiger Lily? Hums of the Lovin' Spoonful
(1966)


Filmmusikkalbumet til What's Up Tiger Lily? kom ut i 1966. Det inneheld musikk av The Lovin' Spoonful. Lydteknikaren hos National Recording Studios var Fred Weinberg, som kom til å produsere og vere lydteknikar på mange andre filmar og album. Det kom ut på CD i lag med You're a Big Boy Now, musikken deira til filmen frå 1966 av Francis Ford Coppola.[4] Albumet nådde 126. plassen på Billboard Pop Albums-lista

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Introduction to Flick»2:14
2.«Pow!»2:26
3.«Gray Prison Blues»2:04
4.«Pow Revisited»2:26
5.«Unconscious Minuet»2:05
6.«Fishin' Blues»1:59
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Respoken»1:48
8.«Cool Million»2:02
9.«Speakin' of Spoken»2:41
10.«Lookin' to Spy»2:29
11.«Phil's Love Theme»2:23
12.«End Title»4:06

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mavis, Paul. «What's Up, Tiger Lily?». DVD Talk. Henta 10. mai 2012. 
  2. 2,0 2,1 «International Secret Police». Tokyo Street Report. 16. april 2009. Arkivert frå originalen 4. juli 2010. Henta 15. september 2010. 
  3. «Woody Allen». Screenwriter's Utopia. Arkivert frå originalen 26. mai 2011. Henta 15. september 2010. 
  4. Ruhlmann, William. «What's Up, Tiger Lily? / You're a Big Boy Now». Allmusic. Henta 15. september 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: What's Up, Tiger Lily?