What Child Is This?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«What Child Is This?»

'Tilbedinga til hyrdane' av Gerard van Honthorst
Musikk av ukjend
Tekst av William Chatterton Dix
Publisert 1871
Skriven 1865
Melodien til «Greensleeves»

«What Child Is This?» er ein julesong med tekst av William Chatterton Dix i 1865. På den tida arbeidde Dix som ein bestyrar i eit forsikringsselskap og var vorten sjuk. Medan han vart betre «såg han lyset» og byrja å skrive fleire salmar, mellom anna denne teksten som vart tonesett med melodien til «Greensleeves», ei tradisjonell engelsk folkevise. Sjølv om han vart skriven i England er han meir populær i USA enn i heimlandet i dag.[1]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Teksten er henta frå eit dikt skriven av Dix som «The Manger Throne».[1][2] Delen av diktet som vart nytta til songteksten består av i alt tre vers.[1] Det første verset stiller eit retorisk spørsmål i første halvdel, medan svaret kjem i andre halvdelen. Det andre verset inneheld eit anna spørsmål som vart besvart, medan det siste verset er ein generell appell til alle om å «ta imot Kristus».[3] Melodien er blitt skildra som «sjelfull»,[1] «stemningsskapande og vakker».[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om han vart skriven i 1865, vart «What Child Is This?» først publisert i 1871, då han var med i Christmas Carols Old and New, ei «prestisjefyllt»[5] og «viktig»[6] samling med julesongar som kom ut i Storbritannia.[5] Salmen vart redigert av Henry Ramsden Bramley og John Stainer, men ein er ikkje sikker på kven som sette dei tre versa frå «The Manger Throne» i lag med musikken av «Greensleeves». Den tredje utgåva av The Christmas Encyclopedia av William D. Crump og Stories of the Great Christmas Carols føreslår begge at det var Stainer.[1][3]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Stories of the Great Christmas Carols. Alfred Music Publishing. s. 47–48. 
  2. Reynolds, Virginia (1. juni 2000). Spirit of Christmas: A History of Our Best-Loved Carols. Peter Pauper Press, Inc. s. 51. 
  3. 3,0 3,1 Crump, William D. (15. september 2001). The Christmas Encyclopedia, 3d ed. McFarland. s. 437–438. 
  4. Liebergen, Patrick M. (red.). Singer's Library of Song: Medium Voice. Alfred Music Publishing. s. 164. 
  5. 5,0 5,1 Flanagan, Mike (19. desember 1986). «The origins of Christmas Songs». Ottawa Citizen. s. H1. Henta 26. desember 2013. 
  6. Oldfield, Molly; Mitchinson, John (24. desember 2013). «QI: some quite interesting facts about Christmas carols». The Daily Telegraph. Henta 26. desember 2013. 
  7. «The Christmas in You» (på svensk). Svensk mediedatabas. 2005. Henta 9. september 2014. 
  8. «Bad Religion: Christmas Songs: Music». Amazon.com. Henta 5. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]