What Goes On av The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
What Goes On
Singel av The Beatles
frå albumet Rubber Soul
A-side

«Nowhere Man»

Språk engelsk
Utgjeve 3. desember 1965
Innspelt 4. november 1965,
EMI Studios, London
Sjanger Countryrock
Lengd 2:50
Selskap Parlophone (album), Capitol (singel)
Komponist John Lennon, Paul McCartney, Ringo Starr
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney, Ringo Starr
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney/Starkey
Produsent George Martin
Amerikansk The Beatles-kronologi 
«We Can Work It Out»/
«Day Tripper»
(1965)
What Goes On «Paperback Writer»
(1966)


«What Goes On» er ein song av The Beatles frå det sjette britiske albumet deira, Rubber Soul. Songen vart sidan gjeven ut som B-sida til den amerikanske singelen «Nowhere Man», og så på det nordamerikanske albumet Yesterday and Today. Det er den einaste songen av bandet som er tilskriven Lennon–McCartney-Starkey.

Komposisjonen[endre | endre wikiteksten]

Den originale versjonen av songen vart skriven av John Lennon i dagane kring The Quarrymen[1] og vart vurdert som ein oppfølgjar til «Please Please Me» tidleg i 1963.[2] Ein demoversjon med Lennon og Paul McCartney vart spelt inn i 1964, men songen vart ikkje nytta før i 1965 då Ringo Starr song vokal på songen for Rubber Soul.[3] I følgje Lennon «han vart henta opp att med eit nytt mellomspel, truleg med hjelp frå Paul» for Rubber Soul.[1] Barry Miles hevdar òg at McCartney og Starr slo seg saman for å skrive mellomspelet.[4] Det er ikkje noko formelt mellomspel i songen, men eit refreng og vers er forlenga. Ian MacDonald trur dei lengre seksjonane vart skriven av McCartney.[5] Starr skreiv tekst, den førte Beatles-songen han vart tilskriven. Men då han vart spurt om kva han faktisk bidrog med sa Starr på spøk: «Kring fem ord, og eg har ikkje gjort noko som helst sidan då».[4] Den første utgåva av singelen hadde ved eit uhell ikkje med «Starkey» som låtskrivar.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Ein tidleg versjon av songen vart vurdert som oppfølgjar til «Please Please Me», og Beatles håpte å spele inn songen 5. mars 1963, men det var berre tid for andre songar den kvelden: «From Me to You», «Thank You Girl» og ein tidleg versjon av «One After 909».[2]

Rubber Soul-versjonen vart spelt inn på eit forsøk, med overdubbar, den 4. november 1965. I verset før soloen etter Starr syng «tell me why», kan ein høyre Lennon sei «We already told you why!» som ein referanse til Beatles-songen «Tell Me Why» frå året før. Under denne innspelinga spelte The Beatles inn ein lang (6:36) instrumental melodi kalla «12-Bar Original» i mangel på eit betre namn.[6] «12-Bar Original» kom ikkje med på Rubber Soul, og vart ikkje gjeven ut før i 1996 då eit redigert utdrag kom med på albumet Anthology 2.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sheff 2000, s. 178.
  2. 2,0 2,1 Lewisohn 1988, s. 28.
  3. «Unreleased 1963 Beatles Demo Up for Sale on eBay: Listen to a Snippet» [1]. Steve Marinucci. billboard.com. 21. september 2017.
  4. 4,0 4,1 Miles 1997, s. 275.
  5. MacDonald 1994, s. 142.
  6. Lewisohn 1988, s. 67.
  7. MacDonald 1994, s. 176.