What Goes On av Velvet Underground

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
What Goes On
Singel av The Velvet Underground
frå albumet The Velvet Underground
B-side

Jesus

Utgjeve Mars 1969
Innspelt November og desember 1968
Studio T.T.G. Studios i Hollywood
Sjanger
Lengd 4:55
Selskap MGM
Komponist Lou Reed
Tekstforfattar Lou Reed
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent The Velvet Underground
The Velvet Underground-kronologi 
«White Light/White Heat»
(1968)
What Goes On «Who Loves The Sun»
(1971)


«What Goes On» er ein song av The Velvet Underground. Det var den einaste singelen deira frå albumet The Velvet Underground frå 1969.

Songen vart spelt inn i 1968 i T.T.G. Studios i Hollywood.[1]

Eit konsertopptak av songen med Doug Yule på klaverinstrument kom ut på det doble konsertalbumet 1969: The Velvet Underground Live.[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Doctors of Madness brukte å spele songen på konsertar i 1977 og 1978. Roxy Music-songaren Bryan Ferry spelte inn «What Goes On» (med element av «Beginning to See the Light») på soloalbumet sitt The Bride Stripped Bare i 1978.

Orgelriffet på «What Goes On» vart nytta i Talking Heads-songen «Once in a Lifetime» i 1980 på albumet deira Remain in Light.[4]

Songen vart spelt inn av The Feelies i 1988 på albumet deira Only Life, Elizabeth Mitchell i 2006 på albumet hennar You Are My Little Bird, The Screaming Trees i 2009 på samlealbumet Unpiecing the Jigsaw - A Tribute to The Velvet Underground[5] og The Dils på fleire konertalbum.

Jim Kerr spelte inn songen som B-side til «Shadowland» i 2010, og seinare på ei spesialutgåve av albumet Lostboy! AKA Jim Kerr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Discogs - T.T.G. Studios (Hollywood) profile and discography
  2. Unterberger (2009)
  3. «Robert Caruso». www.facebook.com. Henta 29. oktober 2017. 
  4. «Once in a Lifetime». The 100 most important American musical works of the 20th century. National Public Radio broadcast. 27. mars 2000. Henta 29. oktober 2017. 
  5. «Unpiecing the jigsaw: A Tribute to The Velvet Underground» by Dave Thompson, AllMusic.com