What Is and What Should Never Be

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
What Is and What Should Never Be
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin II
Utgjeve 22. oktober 1969
Innspelt 1969, Olympic Studios, London
Sjanger Hardrock
Lengd 4:46
Selskap Atlantic Records
Tekstforfattar Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page

«What Is and What Should Never Be» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå Led Zeppelin II frå 1969. Han vart skriven av Jimmy Page og Robert Plant.

Det var ein av dei første songane som Page nytta Gibson Les Paul-gitaren på ein innspeling, som han seinare skulle verte kjend for å bruke.[1] Det vart nytta ein liberal bruk av stereo, sidan gitarane flyt fram og tilbake mellom kanalane. På vokalen til Robert Plant vart det nytta phaser på versa.

Dette er ein av dei første songane som vart spelt inn der Robert Plant var tilskriven som låtskrivar. I følgje rockjournalist Stephen Davis, forfattar av Led Zeppelin-biografien Hammer of the Gods: The Led Zeppelin Saga, omhandlar teksten ein romanse Plant hadde med den yngre systera til kona si.[2]

«What Is and What Should Never Be» vart spela på konsertane til Led Zeppelin mellom 1969 og 1972. Eit opptak frå the Royal Albert Hall i 1970 er å sjå på Led Zeppelin DVD.

Songen har inspirert til namn på ein episoden i tenåringsdramaet One Tree Hill, og ein episode av Supernatural, samt ein episode av komiserien That 70s Show og ein frå actiondramaet Covert Affairs.

Plateprodusent Rick Rubin har sagt om songen: «Det fallande riffet er utruleg. Det er som ein boge vert spent, og så sleppt. Rytmen i vokalen er nesten som ein rap. Det er sinnsjukt - ein av dei mest psykedeliske songane deira.»[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Stephen Davis, Hammer of the Gods: The Led Zeppelin Saga, New York: William Morrow & Co., 1985, ISBN 0-688-04507-3.
  3. The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 23. mars 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]