What It Takes av Aerosmith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
What It Takes
Singel av Aerosmith
frå albumet Pump
B-side

Monkey on My Back

Utgjeve 26. februar 1990[1]
Innspelt 1989
Sjanger country[2]
Lengd 6:28 (Album Version With Hidden Track)
5:11 (Single Version)
4:08 (CHR Remix-Edit) (From the album Devil's Got a New Disguise)
Selskap Geffen
Tekstforfattar Steven Tyler
Låtskrivar(ar) Steven Tyler, Joe Perry, Desmond Child
Produsent Bruce Fairbairn
Aerosmith-kronologi 
«Janie's Got a Gun»
(1989)
What It Takes «The Other Side»
(1990)


«What It Takes» er ein powerballade[3] av det amerikanske bandet Aerosmith, skriven av Steven Tyler, Joe Perry og Desmond Child.[4] Han kom ut i 1989 som den tredje singelen frå det kritikarroste og suksessrike albumet deira Pump. «Eg skal leggja nokre balladar på eit album,» noterte Tyler, «viss det er det som skal til for at ein ung gut skal få høyra ein 'Young Lust' eller 'F.I.N.E.*'.»[5][6]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Child hadde vore med på å skriva powerballaden «Angel» til på det førre albumet til Aerosmith, men bandet ville sørgja for at deira eigen identitet vart reflektert i «What It Takes». Ifølgje Perry «det byrja å høyrast veldig county-western ut. Me ønskte ikkje å skriva ein song som 'Angel', og for Desmond er det der hans hjarte og sjel er. Han likar store, dramatiske balladar. Men me ønskte å gjera noko annleis.» Aerosmith-gitaristen Brad Whitford uttalte at «Det var ein keyboard-låt til å byrja med. Ein eller annan stad på vegen visste me at han var spesiell, så han måtte angripast på ein annan måte.» Perry heldt fram med å seia at «Det som gjorde det for meg var då [Fairbairn] sette eit trekkspel på han. Det gav han den smaken han trong. Elles ville det berre vore fine akkordar og fine endringar.»[7]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten til «What It Takes» handlar om å komma over eit tidlegare forhold og dei vonde kjenslene det førte med seg[7].

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Det finst to videoar til songen. Den eine, regissert av Wayne Isham,[8] viser bandet opptre i Longhorn Ballroom. Den andre, regissert av Keith Garde og Martin Torgoff, er henta frå scener frå The Making of Pump, ein film som dokumenterte innspelingsprosessen av albumet Pump. Sistnemnde fekk mykje større radiospeling, og var også den versjonen banda valde å inkludera på videosamlinga Big Ones You Can Look At.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Billboard Hot 100[9] 9
Mainstream Rock Songs[10] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
US Top Pop Singles (Billboard)[11] 91

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Aerosmith - Singles». hitparade.ch. Henta 15. mai 2023. «Click on individual song pages for dates.» 
  2. Bienstock, Richard (15. september 2011). Aerosmith: The Ultimate Illustrated History of the Boston Bad Boys (på engelsk). Voyageur Press. ISBN 978-1-61059-769-2. 
  3. Kielty, Martin (27. februar 2020). «How Aerosmith Created Power-Ballad Masterpiece 'What It Takes'». Ultimate Classic Rock (på engelsk). Henta 8. juli 2021. 
  4. «Readers' Poll: The 10 Best Aerosmith Songs of All Time». Rolling Stone (på engelsk). 7. november 2012. Henta 15. mai 2023. 
  5. Ingham, Chris (June 2001). «Play for today». Classic Rock #28: 50. 
  6. «The 20 Songs That Can Represent The Career Of Aerosmith». Society of Rock. Henta 15. mai 2023. 
  7. 7,0 7,1 Kielty, Martin (27. februar 2020). «Hvordan Aerosmith skapte mesterverket 'What It Takes'». Ultimate Classic Rock. Henta 5. mai 2023. 
  8. «Video Track» (PDF). Billboard. 10. mars 1990. Henta 8. januar 2023. 
  9. «Aerosmith - Hot 100». Billboard. Henta 15. mai 2023. 
  10. «Aerosmith - Mainstream rock». Billboard. Henta 15. mai 2023. 
  11. «1990 The Year in Music & Video: Top Pop Singles». Billboard 102 (51): YE-14. 22. desember 1990.