What Were Once Vices Are Now Habits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
What Were Once Vices Are Now Habits
Studioalbum av The Doobie Brothers
Utgjeve 1. februar 1974
Innspelt 1973
Studio Warner Bros. Studios i Nord-Hollywood, Wally Heider Studios i San Francisco og Burbank Studios, Burbank i California
Sjanger Rock
Lengd 44:29
Selskap Warner Bros.
Produsent Ted Templeman
The Doobie Brothers-kronologi
The Captain and Me
(1973)
What Were Once Vices Are Now Habits Stampede
(1975)


Singlar frå What Were Once Vices Are Now Habits
  1. «Another Park, Another Sunday» / «Black Water»
    Utgjeve: 13. mars 1974
  2. «Eyes of Silver» / «You Just Can't Stop It»
    Utgjeve: 26. juni 1974
  3. «Black Water» / «Song to See You Through»
    Utgjeve: 15. november 1974
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideC–[2]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
The Great Rock Diskografi6/10[4]
Rolling Stone(middels)[5]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]

What Were Once Vices Are Now Habits er det fjerde studioalbumet av den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve den 1. februar 1974 på Warner Bros. Records.

Innspeling og innhald[endre | endre wikiteksten]

Tom Johnston-songen «Another Park, Another Sunday» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet. Johnston sa «Det er om å miste ei jente. Eg skreiv akkordane og spelte han på akustisk gitar, og så hadde Ted [Templeman] somme idear, som å la den akustiske gitaren gå gjennom ein Leslie.» Songen gjorde det moderat på singellista og nådde 32. plassen.

Den andre singelen frå albumet var «Eyes of Silver», ein annan Johnston-song. I følgje Johnston: «Teksten var ikkje akkurat spektakulær. Eg skreiv dei ti minuttar før.» Songen hadde heller ikkje stor suksess på singellista og nådde berre 52. plassen. I eit forsøk på eit betre resultat gav Warner Brothers ut den første singelen deira på ny, «Nobody», med ein instrumental av Tiran Porter som B-sida, «Flying Cloud». Denne utgjevinga hamna i skuggen då radiostasjonar oppdaga «Black Water». Andre stasjonar heiv seg med og songen vart offisielt gjeven ut på singel. Han selde over ein million eksemplar og vart den første singelen til The Doobie Brothers som gjekk til topps på singellista.[7] «Black Water» var komen ut som B-sida på singelen «Another Park, Another Sunday» åtte månadar tidlegare.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Den uvanlege typografien på albumet vart føreslått av trommeslagaren John Hartman etter å ha vitja skulen han gjekk på, J.E.B. Stuart i Falls Church i Virginia. Skuleavisa Raiders Digest hadde nettopp endra avislogoen med liknande skrifttype. Fotografiet vart teken av Dan Fong under ein konsert den 4. desember 1973 i E.A. Diddle Arena i Western Kentucky University i Bowling Green i Kentucky. Han tok òg fotografiet på omslaget av albumet deira Takin' It to the Streets.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Song to See You Through»Tom Johnston4:06
2.«Spirit»Johnston3:15
3.«Pursuit on 53rd St.»Johnston2:33
4.«Black Water»Patrick Simmons4:17
5.«Eyes of Silver»Johnston2:57
6.«Road Angel»John Hartman, Michael Hossack, Johnston, Tiran Porter, Simmons4:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«You Just Can't Stop It»Simmons3:28
8.«Tell Me What You Want (And I'll Give You What You Need)»Simmons3:53
9.«Down in the Track»Johnston4:15
10.«Another Park, Another Sunday»Johnston4:27
11.«Daughters of the Sea»Simmons4:29
12.«Flying Cloud»Porter2:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Doobie Brothers:

Andre musikarar:

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Ted Templeman
  • Produksjonskoordinasjon: Benita Brazier, The Doobie Brothers
  • Lydteknikar: Donn Landee, Lee Herschberg
  • Mastering: Lee Herschberg
  • Blåsararrangement: Andrew Love and Wayne Jackson with the Memphis Horns
  • Design og kunstnarisk leiar: Chas Barbour
  • Fotografi: Dan Fong

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1975 Pop Albums 4

Singlar

År Singel Liste Plassering
1974 «Another Park, Another Sunday» U.S. Pop Singles 32
1974 «Another Park, Another Sunday»[8] Canada RPM Top Singles 33
1974 «Another Park, Another Sunday» Canada RPM Adult Contemporary 36
1974 «Another Park, Another Sunday»[9] New Zealand (Listener) 18
1974 «Eyes of Silver» U.S. Pop Singles 52
1975 «Black Water» U.S. Pop Singles 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bruce Eder. «What Were Once Vices Are Now Habits - The Doobie Brothers». AllMusic. Henta 3. november 2020. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: D». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 1. november 2020 – via robertchristgau.com. 
  3. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  4. Strong, Martin Charles (2002). «The Doobie Brothers». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1. 
  5. Alan Nlester (9. mai 1974). «The Doobie Brothers: What Were Once Vices Are Now Habits». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2008-05-28. Henta 3. november 2020. 
  6. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 253. ISBN 0-7432-0169-8. 
  7. «Old Black Water Keep on Rollin': 30 Years of the Doobie Brothers». Long Train Runnin': The Doobie Brothers 1970 - 2000 (CD Booklet). The Doobie Brothers. Warner Bros. Records. 1999. s. 20. 75876. 
  8. RPM Top Singles, 22. juni 1974
  9. «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 3. november 2020.