Whatever Happened to Benny Santini?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Whatever Happened to Benny Santini?
Studioalbum av Chris Rea
Språk engelsk
Utgjeve 1978
Sjanger Albumorientert rock
Selskap United Artists (U.S.)/
Magnet (rest of world)
Produsent Gus Dudgeon
Chris Rea-kronologi 
Whatever Happened to Benny Santini? Deltics
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]

Whatever Happened to Benny Santini? er debutalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1978.

Den første singelen frå albumet, «Fool (If You Think It's Over)», er den største hitten hans i USA og singelen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og toppen av Adult Contemporary-lista. I motsetnad til mange av dei andre singlane til Rea, vart ikkje «Fool...» noko stor hit i Storbritannia, men nådde etter kvart 30. plassen då singelen vart gjeven ut på ny seinare i 1978.

Tittelen på albumet syner til namnet plateselskapet til Rea i Storbritannia, Magnet, ønskte at Rea skulle bruke som artistnamn for å kunne selje plater.

Whatever Happened to Benny Santini? vart produsert av Gus Dudgeon, som kanskje er mest kjend som produsent for Elton John i 1970-åra. Rea var misnøgd med den endelege miksen av albumet, og spelte mellom anna inn «Fool...» på nytt for samlealbumet New Light Through Old Windows. Dudgeon produserte òg det neste albumet til Rea, Deltics.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Chris Rea.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Whatever Happened to Benny Santini?»4:22
2.«The Closer You Get»3:31
3.«Because of You...»3:57
4.«Dancing with Charlie»3:52
5.«Bows and Bangles»3:58
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Fool (If You Think It's Over)»4:47
7.«Three Angels»3:26
8.«Just One of Those Days»2:40
9.«Standing in Your Doorway»3:53
10.«Fires of Spring»3:54

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Singlar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fool (If You Think It's Over)» med «Midnight Love»
  2. «Whatever Happened to Benny Santini?» med «Three Angels»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]