Whatever You Want av Status Quo
| Whatever You Want Studioalbum av Status Quo | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | Oktober 1979 | |
| Innspelt | Desember 1978 - mars 1979 | |
| Studio | Wisseloord Studios i Hilversum i Nederland | |
| Sjanger | Hardrock | |
| Lengd | 42:12 | |
| Selskap | Vertigo | |
| Produsent | Pip Williams | |
| Status Quo-kronologi | ||
|---|---|---|
| If You Can't Stand the Heat... (1978) |
Whatever You Want | Just Supposin' (1980)
|
| Singlar frå Whatever You Want | ||
|
||
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
| Smash Hits | 7½/10[2] |
Whatever You Want er det 12. studioalbumet til den britiske rockegruppa Status Quo.
Dette var det tredje albumet deira som vart produsert av Pip Williams. Innspelinga byrja i desember 1978 i Wisseloord Studios i Hilversum i Nederland, og dei siste miksane var ferdige i London i mars 1979. Albumet kom ut 12. oktober 1979 og gjekk inn på albumlista i heimlandet 20. oktober 1979, der det nådde fjerdeplassen. Den første singelen frå albumet — «Whatever You Want» — kom ut 14. september med «Hard Ride» som B-sida. Denne nådde òg fjerdeplassen på lista. Den andre singelen frå albumet var «Living on an Island» med B-sida «Runaway». Denne kom ut 16. november 1979 og nådde 16. plassen på singellista.
Albumet vart miksa for den amerikanske marknaden og denne versjonen kom ut i USa med tittelen Now Hear This i 1980. Denne utgåva kom ut på CD på luksusutgåva av albumet.[3] Men denne utgåva kom utan dei to songane «Shady Lady» og «Your Smiling Face». Desse finst derfor berre på den originale vinyl/kassett/8-sporslydband-utgåva. Songane «Whatever You Want» og «Living On an Island» byta òg plass på den amerikanske utgåva.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Whatever You Want» | Rick Parfitt, Andy Bown | 4:04 |
| 2. | «Shady Lady» | Francis Rossi, Bob Young | 3:00 |
| 3. | «Who Asked You» | Alan Lancaster | 4:00 |
| 4. | «Your Smiling Face» | Parfitt, Bown | 4:25 |
| 5. | «Living on an Island» | Parfitt, Young | 4:48 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 6. | «Come Rock with Me» | Rossi, Bernie Frost | 3:15 |
| 7. | «Rockin' On» | Rossi, Frost | 3:25 |
| 8. | «Runaway» | Rossi, Frost | 4:39 |
| 9. | «High Flyer» | Lancaster, Young | 3:47 |
| 10. | «Breaking Away» | Rossi, Parfitt, Bown | 6:44 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 11. | «Hard Ride» | Lancaster, Mick Green | 0 |
| 12. | «Bad Company» | Pip Williams, Peter Hutchins | 0 |
| 13. | «Another Game In Town» (demo) | Rossi, Frost | 0 |
| 14. | «Shady Lady» (demo) | Rossi, Young | 0 |
| 15. | «Rearrange» (demo) | Rossi, Frost | 0 |
| 16. | «Living On An Island» (singelutgåve) | Parfitt, Young | 0 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Francis Rossi — gitar, vokal
- Rick Parfitt — gitar, vokal
- Alan Lancaster — bass, vokal
- John Coghlan — trommer
- Andre medverkande
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Whatever You Want (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ Starr, Red. «Albums». Smash Hits (November 1–14, 1979): 29.
- ↑ «Status Quo - Deluxe Editions#2». Official Status Quo Web Site. Arkivert frå originalen 15. mai 2017. Henta 9. oktober 2018.