Whatevershebringswesing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Whatevershebringswesing
Studioalbum av Kevin Ayers
Innspelt Mar-aug 1971; Abbey Road Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 36.09
Selskap Harvest
Produsent Kevin Ayers & Andrew King
Kritikk
Kevin Ayers-kronologi
Shooting at the Moon
(1970)
Whatevershebringswesing Bananamour
(1973)


Whatevershebringswesing er det tredje soloalbumet til Kevin Ayers.

I 1971 starta Kevin ayers å spele inn det som skulle bli det mest kritikarroste albumet hans, Whatevershebringswesing, i lag med medlemmar frå Gong og det tidlegare backingbandet hans The Whole World. Det vart hylla av NME, Record Mirror og Rolling Stone, og alle dei musikalske ideane Ayers hadde streva å nå sidan han forlet Soft Machine, kom her til sin fulle rett.

Som med dei fleste Ayers-albuma, var det ei blanding av forskjellige stilartar som møtte lyttaren, men her fungerer det med stor effekt. Tittelsporet med gitaren til Mike Oldfield og harmonivokalen til Robert Wyatt vart ein mal for resten av musikken til Ayers på 70-talet.[1]

Albumet opnar med David Bedford sin «There Is Loving Among Us» med dramatisk strykearrangement. Dette glir over i vignettane «Margaret» og «Oh My», der Ayers set enkle tekstar opp mot gjennomtenkt akkompagnement. «Song From A Bottom of a Well» blandar eit Stockhausen-aktig arrangement med ein kryptisk tekst av Ayers «This is a song from the bottom of a well / There are things down here / I've got to try and tell». «Stranger in Blue Suede Shoes», ein song i stil med tidleg rock and roll, vart ein fast konsertsong for Ayers i åra som kom.

Mange kritikarar og tilhengjarar har omtalt Whatevershebringswesing som det beste av alle Ayers-albuma.[2] I 2003 kom albumet ut på ny med fire bonussongar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Kevin Ayers, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «There is Loving/Among Us/There is Loving» (Among Us skriven av Bedford) 7:22
2. «Margaret»   3:20
3. «Oh My»   2:59
4. «Song from the Bottom of a Well»   4:37
Side to
# Tittel Lengd
5. «Whatevershebringswesing»   8:13
6. «Stranger in Blue Suede Shoes»   3:24
7. «Champagne Cowboy Blues»   3:56
8. «Lullabye»   2:14

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Kevin Ayers / vokal, gitar, bass (6)
  • David Bedford / klaverinstrument (1,2,5,6,8,12), orkesterarrangement
  • Mike Oldfield / bass (1,3,4), gitar (5,7)
  • Dave Dufort / trommer (1,4,5)
  • William Murray / perkusjon (2,3,7)
  • Tony Carr / trommer (6,12)
  • Robert Wyatt / harmonivokal (5)
  • Didier Malherbe / saksofon (1), fløyte (8)
  • Gerry Fields / fiolin (3)
  • Johnny Van Derek / fiolin (2,7)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Whatevershebringswesing» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2011.
  • Live Review by Richard Williams (Melody Maker 18 Apr 1970)
  • Album Review (NME Jan 1972)
  • Album Review by Alain Dister (Rock & Folk Jun 1972)
  • Album Review (Sounds Jan 25, 1972)
  • Album Review (Record Mirror Jan 1972)
  • Album Review (Rolling Stone Jun 1972)
  • Everything You Do Is True, As Long As You Believe It - Whatevershebringswesing sleevenotes by Martin Wakeling (Harvest Sept 2006)
  1. Everything You Do Is True, As Long As You Believe It - Whatevershebringswesing av Martin Wakeling (Harvest Sept 2006)
  2. Allmusic Guide 2006