Wheatland County i Montana
Utsjånad

Wheatland County er eit fylke sentralt i den USA-amerikanske delstaten Montana. Fylket, som vart grunnlagt i 1917, hadde 2 168 ibuarar i 2020 og dekker eit areal på 3 700 km². Fylkesadministrasjonen held til i Harlowton, ein landsby 1279 meter over havet og med knappe 1000 ibuarar i 2020.
Folketeljinga 2000 fann at 28,4 % av ibuarane var tyskætta, 11,6 % norskætta, 7,5 % engelskætta, 7,4 % irskætta og 6,5 % amerikanskætta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wheatland County, Montana» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2021.