Wheatstone-bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prinsippskjema for Wheatstone-bru.

Wheatstone-bru er ei elektrisk kopling berekna på måling av resistansen i ein ukjend motstand. Den ukjende motstanden blir kopla saman med kjende motstandar til ei ei straumkjelde og eit kjenslevart galvanometer. Storleiken av motstandane R1 og R2 blir vald slik at dei dannar eit dekadisk forholdstal, og R3 blir regulert til det ikkje går straum i galvanometret. Då er Rx=R3·(R1/R2). Raske og nøyaktige målingar kan utførast med digitale ohm-meter, der målinga føregår ved at det blir sendt ein konstant, stabilisert straum gjennom den ukjende motstanden, og spenninga over motstanden blir målt med digitalvoltmeter. Ved måling av resistansen i væsker må det brukast vekselstraum for å redusere verknaden av polarisasjon. Tilsvarande brukoplingar blir òg brukt for måling av sjølvinduktans og kapasitans. Det må då brukast vekselstraum, og galvanometret blir erstatta av eit vekselstraum-instrument eller forsterkar med høyretelefon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]