Wheel in the Sky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wheel in the Sky
Singel av Journey
frå albumet Infinity
B-side

Can Do

Utgjeve 8. april 1978
Innspelt 1977
Sjanger Hardrock
Lengd 3:31 (singel)
4:12 (album)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Robert Fleischman, Neal Schon, Diane Valory
Produsent Roy Thomas Baker
Journey-kronologi 
«Spaceman»
(1977)
Wheel in the Sky «Anytime»
(1978)


«Wheel in the Sky» er ein song av det amerikanske rockebandet Journey, spelt inn i 1977 og gjeven ut på det fjerde studioalbumet deira, Infinity. Han vart skriven og komponert av Robert Fleischman, Neal Schon og Diane Valory.

Då songen vart skriven hadde bandet vald å følgje ei ny retning med ein skarpare lyd og ein enklare hardrock. Den nye vokalisten Fleischman vart erstatta av Steve Perry då arbeidet på Infinity byrja for fullt. Songen byrjar som eit dikt kalla «Wheels In My Mind» av Diane Valory, kona til Journey-bassisten Ross Valory.[1]

«Wheel In The Sky» nådde 57. plassen på Billboard Hot 100 i 1978, og vart den første songen til Journey som gjekk inn på denne lista. Songen nådde òg 45. plassen på den kanadiske RPM 100.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Canadian RPM 100 45
Sør-Afrika (Springbok)[2] 12
U.S. Billboard Hot 100[3] 57
U.S. Cash Box Top 100 [4] 52

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Ein kan høyre songen i bakgrunnen i avslutningsscenen i TV-serien The Sopranos sesong 2, episode 23 «Bust Out.»
  • Songen er òg spelt i tredje episode av andre sesong av Supernatural.
  • Klaus syng songen på ein kassett i episoden «Stan's Best Friend», i animasjonsserien American Dad!

Kjelder[endre | endre wikiteksten]