When I’m Sixty-Four

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
When I'm Sixty-Four
Song av The Beatles
frå albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band
Utgjeve 26. mai 1967[1]
Innspelt 6–21. desember 1966,
EMI Studios, London
Sjanger
Lengd 2:37
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«When I’m Sixty-Four» er ein kjærleikssong av The Beatles, skriven av Paul McCartney[4][5] (men tilskriven Lennon/McCartney). Han vart gjeve ut i 1967 på albumet deira Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band.

Songen vert sungen av ein ung mann til kjæraste sin og omhandlar planane hans om å eldast i lag med ho. Sjølv om songen omhandlar det å verte gamal, var det ein av dei første songane McCartney skreiv, då han var seksten.[4] The Beatles nytta han i dei tidlege dagane som ein song dei spelte om forsterkarane deira braut saman eller straumen for.[6][7] Både produsent George Martin og forfattar Mark Lewisohn spekulerer i om McCartney har tenkt på songen under innspelinga av Sgt. Pepper fordi faren hans vart 64 tidlegare i 1966.[6][7]

Songen vart nesten gjeve ut på singel som B-side til anten «Strawberry Fields Forever» eller «Penny Lane». I staden valde Martin å gje ut ei dobbel A-side. Singelen nådde ikkje førsteplassen i Storbritannia, som den første Beatles-singelen sidan 1963.[8]

Ein klarinettrio er langt framme i songen, noko som er uvanleg i dei fleste musikksjangrar, men særleg i rock and roll. Instrumenteringa vart gjort av Martin etter ønske frå McCartney om å få inn ei kjensle av gamaldags musikk ved å nytte klarinettar «på ein klassisk måte»[7]

Songen vart spelt inn 6. desember 1966, under ein av dei første innspelingsdagane til det kommande Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band. Klarinettane vart spelt inn 21. desember.[9]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per MacDonald utanom der anna er nemnt[11]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar har spelt inn sine eigne utgåver av songen, mellom anna John Denver og Keith Moon.

Ivar Medaas gav ut ein nynorsk versjon kalla "Når eg er 67" i 1968.[12] med tekst av Johannes Gjerdåker. Den nynorske teksten er i all hovudsak ei ordrett omsetjing av originalteksten til Paul McCartney, bortsett frå at alderen er auka frå 64 til 67.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Everett 1999, s. 123.
  2. Prigozy and Raubicheck 2003, s. 71.
  3. Haugen 2004, s. 169.
  4. 4,0 4,1 Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. s. 319. ISBN 0-8050-5249-6. 
  5. David Sheff (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono. New York: St. Martin’s Press. s. 183. ISBN 0-312-25464-4. 
  6. 6,0 6,1 Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 89. ISBN 0-517-57066-1. 
  7. 7,0 7,1 7,2 George Martin med William Pearson (1994). With a Little Help from My Friends: The Making of Sgt. Pepper. Boston: Little, Brown. s. 34. ISBN 0-316-54783-2. 
  8. George Martin (1994). With a Little Help from My Friends. s. 26. 
  9. Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. s. 89–91. 
  10. Lewisohn 1988, s. 90.
  11. MacDonald 2005, s. 220.
  12. Vist på www.rockheim no
  • MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3. 
  • Prigozy, Ruth; Raubicheck, Walter (2007). Going my way: Bing Crosby and American culture. University Rochester Press. ISBN 1-58046-261-8.