When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)
Singel av Sparks
frå albumet Gratuitous Sax & Senseless Violins
Utgjeve 1995
Sjanger
Lengd 3:49
Selskap *Logic Records
Låtskrivar(ar) Ron Mael, Russell Mael
Produsent Ron Mael, Russell Mael
Sparks-kronologi 
«When Do I Get to Sing 'My Way'»
(1994)
When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing) «Now That I Own the BBC»
(1995)


«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» er ein EDM-song av det amerikanske rockebandet Sparks, gjeven ut som den andre singelen frå det 16. studioalbumet deira, Gratuitous Sax & Senseless Violins. Han var skriven og produsert av Mael-brørne og referer til den amerikanske jazzsaksofonisten Charlie Parker. Han nådde 36. plassen i Storbritannia, 61. plassen i Tyskland og 24. plassen på Billboard Hot Dance Club Play-lista i USA. Opphavleg vart han gjeven ut som «(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing», før han fekk den noverande tittelen.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Ned Raggett frå AllMusic noterte at songen «syner Russell som rappar (!)».[1] Musikkskribent James Masterton sa i den vekentlege britiske hitlistekommentaren sin: «Den nye singelen er like bisarr som tittelen høyrest ut, med eit rappa vers som Neil Tennant garantert ville gjeve høgrearmen for å ha skrive, kombinert med eit imponerande kommersielt refreng.»[2] Det paneuropeiske magasinet Music & Media skreiv: «Me lever i fastfood-euroens tidsalder med one-liners som fungerer som tekstar. Heldigvis bruker Sparks framleis fantasien.»[3] Ein melder frå Music Week vurderte songen til fire av fem, og skildra han som «meir herleg high camp-drama frå kongane av eksentrisk synthpop», og uttalte at tidlegare Suede-gitarist Bernard Butler sin Fashionable World Of Fashion Mix «bør skapa ein buzz.»[4] James Hamilton frå magasinet RM såg på songen som «Pet Shop Boys-aktig».[5]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga ein musikkvideo for å marknadsføre singelen, regissert av den engelske regissøren Sophie Muller.[6] Videoen vart sidan publisert på den offisielle YouTube-kanalen til Sparks i juni 2012. Muller regisserte òg videoen for «When Do I Get to Sing 'My Way'».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Britisk CD-singel
Nr.TittelLengd
1.«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Radio Edit)3:47
2.«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Red Jerry Remix)6:45
3.«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (When I Dub You)5:10
4.«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Oliver Lieb Dub Mix I)7:17
5.«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Oliver Lieb Dub Mix II)7:46
Europeisk maxi-singel
Nr.TittelLengd
1.«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Radio Edit)3:49
2.«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Oliver Lieb Vocal Mix)7:16
3.«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Bernard Butler's Fashionable World Of Fashion Mix)7:07
4.«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Beatmasters Dub Mix)5:10
5.«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Acappella)4:04

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1995) Plassering
Tyskland (Media Control AG)[7] 61
Skottland (Official Charts Company)[8] 38
UK Singles (Official Charts Company)[9] 36
UK Club Chart (Music Week)[10] 63
UK on a Pop Tip Club Chart (Music Week)[11] 16
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[12] 24

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Raggett, Ned. «Sparks – Gratuitous Sax & Senseless Violins». AllMusic. Henta 28. april 2022. 
  2. Masterton, James (5. mars 1995). «Week Ending March 11th 1995». Chart Watch UK. Henta 16. september 2021. 
  3. «New Releases: Singles» (PDF). Music & Media. 8. august 1995. Henta 28. januar 2020. 
  4. «Reviews: Singles» (PDF). Music Week: 26. 18. februar 1995. Henta 5. mai 2021. 
  5. Hamilton, James (4. mars 1995). «Dj directory» (PDF). Music Week, in Record Mirror (Dance Update Supplemental insert): 11. Henta 6. mai 2021. 
  6. «Sparks - «(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing» [official video]». YouTube. 23. juni 2012. Henta 6. desember 2019. 
  7. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 6. desember 2019.
  8. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 15. januar 2020.
  9. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 16. januar 2021.
  10. «The RM Club Chart» (PDF). Music Week, in Record Mirror (Dance Update Supplemental insert): 6. 11. februar 1995. Henta 2. september 2021. 
  11. «The RM on a Pop Tip Club Chart» (PDF). Music Week, in Record Mirror (Dance Update Supplemental insert): 10. 25. februar 1995. Henta 2. september 2021. 
  12. "Sparks Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for Sparks. Prometheus Global Media. Henta 16. januar 2021.