When I Paint My Masterpiece

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«When I Paint My Masterpiece»
Song av Bob Dylan
frå albumet Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II
Utgjeve 1971
Lengd 3:22
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bob Dylan

«When I Paint My Masterpiece» er ein song skriven av Bob Dylan som vart gjeven ut på Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II i 1971. Applausen på slutten av «Tomorrow is a Long Time» (som er songen rett før denne på albumet) lagar ein samanhengande overgang mellom dei to songane. Sjølv om det er applaus i byrjinga av songen, er det faktisk ei studioinnspeling.

«When I Paint My Masterpiece» vart òg spelt inn av The Band, som gav ut sin versjon først på albumet deira Cahoots frå 1971. Dylan og the Band spelte songen saman på Nyårsaftan seinare det året, opptaket vart gjeve ut som eit bonusspor på konsertalbumet Rock of Ages frå 1972.

«When I Paint My Masterpiece» vart òg spelt av the Grateful Dead seint på 1980-talet og tidleg på 1990-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]