When You Wish upon a Star

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
When You Wish Upon a Star
Song av Cliff Edwards
frå albumet Pinocchio
Utgjeve 1940
Innspelt 1938
Selskap Victor, EMI
Komponist Leigh Harline
Tekstforfattar Ned Washington
Jiminy Cricket som syng «When You Wish Upon A Star» i filmen Pinocchio.

«When You Wish Upon A Star» er ein song skriven av Leigh Harline og Ned Washington for Walt Disney-filmen Pinocchio i 1940.[1] Den originale versjonen vart sungen av Cliff Edwards som den talande grashoppa Jiminy Cricket,[1] og vert høyrt over opningsteksten og i den siste scenen i filmen. Songen har sidan vorte den representative songen for The Walt Disney Company. «When You Wish Upon A Star» vann Oscarprisen i 1940 for beste song.[1] Amerikanske Library Of Congress tok Cliff Edwards sin versjon av songen opp i sitt National Recording Registry i 2009.[2] I Norden og Japan er songen kjend som ein julesong.

Dette var ein av dei første songane frå ein film som vart gjeven ut på den kommersielle platemarknaden.[2] Han vart først gjeven ut i ei samling på fire plater, og eit år seinare på ei enkel plate i lag med forskjellig musikk frå The Wizard of Oz. Innspelinga med Cliff Edwards og kor vart gjeven ut av Victor Records med katalognummer 26477A (i USA) og av EMIHis Master's Voice med katalognummer BD 821. Edwards spelte inn ein annan versjon i 1940 for amerikanske Decca Records med nyinnspelingar av musikk frå Pinocchio, dirigert av Victor Young og med sopranen Julietta Novis og The King's Men. Ei innspeling med Christian Rub (med stemma til Mister Geppetto), Cliff Edwards og kor vart gjeven ut av Victor Records som katalognummer 26479B (i USA) og av EMIHis Master's Voice som katalognummer BD 823.

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

American Film Institute rangerte «When You Wish Upon A Star» som den sjuande beste songen i filmhistoria, den høgaste plasseringa til ein song frå ein animert Disney-film, og ein av berre fire songar frå animasjonsfilmar frå Disney. Dei andre songane var «Some Day My Prince Will Come» frå Snow White and the Seven Dwarfs (19. plass), «Beauty and the Beast» frå Beauty and the Beast (62. plass) og «Hakuna Matata» frå The Lion King (99. plass).

Songen nådde toppen av Billboard si Record Buying Guide, ein føregangar til singellista deira. Populære innspelingar vart gjort av mellom andre Glenn Miller, Guy Lombardo, Horace Heidt og Cliff Edwards.

I Japan, Sverige, Finland, Noreg og Danmark har songen vorte ein julesong, der stjerna nemnd i tittelen vert rekna som julestjerna. Dette kjem av tradisjonen med å vise Disney-filmar på julaftan. Den svenske versjonen vert kalla «Ser du stjärnan i det blå» og den danske tittelen er «Når du ser et stjerneskud». På norsk er songen omsett med titlar som «Stjernen i det blå», «Ser du stjernen i det blå?», «Når en stjerne faller» og «Ønskestjernen».

Disney-ikon[endre | endre wikiteksten]

Disneyland med fyrverkeri

«When You Wish Upon A Star» har i lag med Mikke Mus vorte eit ikon for The Walt Disney Company.[3] I 1950- og 1960-åra nytta Walt Disney songen i opninga av alle utgåver av Walt Disney-serien. Han har òg vorte nytta under opningslogoen til Walt Disney Pictures sidan 1980-åra. Skipa til Disney Cruise Line nytta dei første sju tonane i songen som fløytesignalet sitt.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart òg gjeven ut av Dion and the Belmonts i 1960.

Han vart spelt inn av Kiss-medlem Gene Simmonssoloalbumet i 1978.

I 1986 spelte Linda Ronstadt inn songen for det populære albumet For Sentimental Reasons. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet, og nådde 32. plass på Billboard Magazine si årsliste for 1986.

Billy Joel framførte songen i 1991 på konsertvideoen Simply Mad About the Mouse: A Musical Celebration of Imagination og det tilhøyrande konsertalbumet.

I 1995 spelte Alvin and the Chipmunks og The Chipettes inn ein versjon av songen for albumet When You Wish Upon a Chipmunk.

«When You Wish Upon A Star» vart nytta to gonger i Disney-filmen RocketMan (1997). Første gongen i filmen vert han sungen av Fred Z. Randall (spelt av Harland Williams) medan han ser på ei stjerne utanfor romskipet sitt. Mot slutten av filmen kjem så originalversjonan av Cliff Edwards medan Randall og Julie Ford (Jessica Lundy) dansar i lag på eit romskip.

Neil Diamond spelte inn songen i 1998 for albumet The Movie Album: As Time Goes By.

Mannheim Steamroller spelte inn songen i 1999 for albumet Mannheim Steamroller Meets the Mouse.[4]

'N Sync spelte inn ein versjon av songen for Disneymania (2002), Ashley Gearing spelte inn songen for Disneymania 2 (2003), Jesse McCartney spelte han for Disneymania 3 (2005) og Kate Voegele spelte han for Disneymania 6 (2008).

I 2005 valde Julie Andrews ut den originale Cliff Edwards-versjonen for albumet Julie Andrews Selects Her Favorite Disney Songs.[5]

I februar 2011 song Celtic Woman songen som det første sporet på albumet sitt Celtic Woman: Lullaby.

Brian Wilson innrømde at melodien for The Beach Boys-songen «Surfer Girl», som har den samme AABA-forma,[6] er laust basert på Dion and the Belmonts-versjonen av «When You Wish Upon A Star».[7][8][9][10] Wilson spelte nettopp denne songen på albumet In the Key of Disney, som kom ut 25. oktober 2011.

Seinare, på juledagen 2011 spelte Jessica Jung frå Girls' Generation inn songen for MBC sin julespesial.

Rod Stewart spelte inn songen i 2012 for julealbumet Merry Christmas, Baby.

Jazz[endre | endre wikiteksten]

Stykket har vorte ein jazz-standard.[11] Han har vorte framført av artistar som Louis Armstrong, Dave Brubeck Quartet, Glenn Miller, Joe Pass, Keith Jarrett Trio, The Manhattan Transfer, Sun Ra og Bill Evans.

Søksmål[endre | endre wikiteksten]

Eigaren av rettane til songen, Bourne Co. Music Publishers, saksøkte Twentieth Century Fox Film Corp., Fox Broadcasting Company, Fuzzy Door Productions, Cartoon Network, Walter Murphy og Seth MacFarlane for å prøve å stoppe distribusjonen av ein episode av Family Guy frå 2003 kalla «When You Wish Upon a Weinstein» som parodierer songen i ein versjon kalla I Need a Jew. Ein føderal dommar gav ikkje Bourne Co. medhald og sa at parodien ikkje krenka opphavsretten til selskapet.[12]

Norske versjonar[endre | endre wikiteksten]

Tola, Arne Bendiksen, Rolf Just Nilsen og Harald Mæle har skrive norske tekstar. Tolas versjon har tittelen «Stjernen i det blå». Bendiksen og Just Nilsen sine versjonar har tittelen «Ser du stjernen i det blå?». Mæles tittel er «Når en stjerne faller». I filmen vert songen sungen av Øivind Blunck som alltid har den norske stemmen til Timmy Gresshoppe.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

År Songtittel Albumttitel Artist Tekstforfattar Type Platemerke og katalognummer
1941[n 1] «Stjernen i det blå» Øystein Frantzen
Kristian Haugers orkester
Tola 78-plate Telefunken T-8325
«Ser du stjernen i det blå?»[n 2] Pinocchio Rolf Just Nilsen Rolf Just Nilsen LP Disneyland/His Master's Voice NLLP 311
1988 «Når en stjerne faller» Barnas beste godnattsanger Harald Mæle MC Disneyland 309
1994 «Når en stjerne faller»[n 3] Verdens beste Donald Harald Mæle MC Egmont Music 322
1995 «Ønskestjernen»[n 4] Classics 1 - 20 originale sanger på norsk Øivind Blunck og kor Harald Mæle CD Walt Disney 7 39384 000159

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 134. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. 2,0 2,1 «2009 | View Registry by Induction Years | Recording Registry | National Recording Preservation Board | Programs at the Library of Congress | Library of Congress». The Library of Congress (på engelsk). 
  3. Cary O’Dell. «“When You Wish Upon a Star” —Cliff Edwards» (PDF). loc.gov. 
  4. Soundunwound.com
  5. Disney Music
  6. Philip Lambert, Inside the Music of Brian Wilson: The Songs, Sounds, and Influences of the Beach Boys' Founding Genius (Continuum, 2007):28.
  7. Brian Wilson, in @BrianWilsonLive, February 16, 2011: «We're doin' «When You Wish Upon A Star» for the new album. It kinda inspired "Surfer Girl." – Brian".
  8. Philip Lambert, Inside the Music of Brian Wilson: The Songs, Sounds, and Influences of the Beach Boys' Founding Genius (Continuum, 2007):27.
  9. Jim Fusilli, Pet Sounds, Volume 19 of 33 1/3 (Continuum International Publishing Group, 2005):23.
  10. Domenic Priore, Smile: The Story of Brian Wilson's Lost Masterpiece (Sanctuary, 2005):32.
  11. «When You Wish Upon a Star». Jazz Standards.com. Henta 16. september 2013. 
  12. Owner of Wish Upon A Star Son Loses Lawsuit Yahoo News, March 16, 2009
  1. Innspelt i Oslo 3. juli 1941
  2. Rolf Just Nilsen: Pinocchio (LP, Disneyland/His Master's Voice NLLP 311)
  3. Diverse artistar: Verdens beste Donald - en musikalsk hyllest til Donald Duck, 60 år (Egmont Music 322, MC, 1994)
  4. Diverse artistar: Classics 1 - 20 originale sanger på norsk (Walt Disney 7 39384 000159, CD, 1995)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]