When the Eagle Flies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
When the Eagle Flies
Studioalbum av Traffic
Språk engelsk
Utgjeve September 1974
Innspelt Juli 1973 – juni 1974
Sjanger Progressiv rock
Lengd 39:45
Selskap Island
Produsent Chris Blackwell
Traffic-kronologi 
On the Road
(1973)
When the Eagle Flies Far from Home
(1994)


When the Eagle Flies er det sjuande studioalbumet til det engelske rockbandet Traffic, gjeve ut i 1974. Det vart det siste albumet deira før dei vart sameint att i 1994 for Far from Home. Av musikarar på albumet var Jim Capalditrommer, klaverinstrument og vokal; Rosko Geebassgitar; Steve Winwood på gitar, klaverinstrument og vokal; og Chris Woodfløyte og saksofon. Perkusjonisten Rebop Kwaku Baah fekk sparken før albumet var ferdig, men han er med på to spor. Det vart nytta fleire forskjellige klaverinstrument enn på tidlegare Traffic-album, mellom anna Moog.

When the Eagle Flies var det fjerde studioalbumet deira på rad som nådde topp 10 på den amerikanske albumlista[1] og selde til gullplate der. Det vart langt mindre populært i Storbritannia der det nådde 31. plassen, men droppa ut av lista etter ei veke.[2] Traffic turnerte etter albumet kom ut, men vart oppløyst midt i turneen i 1974.

Chris Wood-komposisjonen «Moonchild Vulcan» vart spelt inn for albumet, men kom til slutt ikkje med til fordel for «Memories of a Rock N' Rolla».[3] Songen vart spelt på den påfølgjande turneen og eit konsertopptak av Traffic kom seinare ut på det posthume Chris Wood-albumet Vulcan i 2008.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars [4]

Rolling Stone kalla albumet ujamt og sa at den nakne tonen fungerte glimrande på «Graveyard People» og «Walking in the Wind», men andre stader vart det ofte «blodfattig på grunn av anten dårlege arrangement eller utilstrekkeleg produksjon.» Men dei rekna dei strammare og meir konsise songane som ei lovande retning for bandet og tilrådde albumet basert på den fornya styrken i låtskrivinga til Winwood og Capaldi og Winwood sitt arbeid på klaverinstrumenta.[5] Allmusic meinte det motsette: at albumet meir enn tidlegare tillet lange og buktande stykke, der sjølv ikkje vokalen gjorde noko særleg meir enn å «improvisere melodiane over musikken, utan å bry seg om kvar orda tydde».[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Steve Winwood og Jim Capaldi, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Something New» 3:15
2.«Dream Gerrard»Winwood, Vivian Stanshall11:03
3.«Graveyard People» 6:05
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Walking in the Wind»6:48
5.«Memories of a Rock 'n' Rolla»4:50
6.«Love»3:20
7.«When the Eagle Flies»4:24
Total lengd:39:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk:

  • Chris Blackwell – produsent
  • Nobby Clark – lydteknikar
  • Brian Humphries – lydteknikar
  • Jeff Willens – mastering
  • Bill DeYoung – tekst i omslaget
  • Martin Hughes – design
  • Bill Levenson – oversyn med nyutgjeving
  • Monique McGuffin – produksjonskoordinator for nyutgjeving
  • Vartan – kunstnarisk leiar for nyutgjeving

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1974 UK Albums Chart 31[2]
Billboard Pop Albums 9[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Traffic in the USA Charts, Allmusic. Henta 20. juli 2019.
  2. 2,0 2,1 Traffic in the UK Charts Arkivert 2011-11-20 ved Wayback Machine., The Official Charts. Henta 20. juli 2019.
  3. Ropek, Dan (2008). In Vulcan (pp.4-10) [CD booklet]. Cherry Red Records Ltd.
  4. 4,0 4,1 When the Eagle FliesAllmusic
  5. Emerson, Ken. (7. november 1974). Album review, Rolling Stone.