When the Lady Smiles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
When the Lady Smiles
Song av Golden Earring
frå albumet N.E.W.S.
Utgjeve 3. mars 1984
Innspelt 11. februar 1984
Sjanger Rock
Lengd 4:59 (singel)
5:39 (album)
6:16 (12")
Selskap 21 Records
Låtskrivar(ar) George Kooymans
Barry Hay
Produsent Shell Schellekens
Golden Earring-kronologi 
«The Devil Made Me Do It» When the Lady Smiles «Clear Night, Moonlight»


«When the Lady Smiles» er ein song frå 1984 av det nederlandske bandet Golden Earring. Det var den første singelen frå albumet N.E.W.S. (NorthEastWestSouth). Etter hitten «Twilight Zone», vart plasseringa til «When the Lady Smiles» på den amerikanske singellista skuffande, berre ein 76. plass på Billboard Hot 100

Videoen for songen, regissert av Dick Maas, var kontroversiell. I ein scene prøver ein mann å valdta ei nonne. Denne scenen vart raskt fjerna frå videoen (og den fulle versjonen vart berre vist etter midnatt). Trass i dette nådde songen tredjeplassen i Canada, men kan ha gått ut over salstalet i USA. I Nederland vart «When the Lady Smiles» den femte førsteplassen til Golden Earring.

Hillary Clinton brukte songen presidentvalkampen sin i 2008.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Nederlandsk Topp 40[1] 1
US Billboard Hot 100 76

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «De Nederlandse Top 40, week 9, 1984». Arkivert frå originalen 12. desember 2008. Henta 29. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]