When the Music's Over

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
When the Music's Over
Song av The Doors
frå albumet Strange Days
Utgjeve 7. oktober 1967
Innspelt Mai og august 1967
Sjanger Psykedelisk rock, progressiv rock, acidrock, bluesrock, kunstrock, hardrock
Lengd 10:58
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) Jim Morrison
Ray Manzarek
Robbie Krieger
John Densmore
Produsent Paul A. Rothchild

«When the Music's Over» er ein song av det amerikanske rockebandet The Doors frå albumet Strange Days frå 1967. Songen er nesten elleve minuttar lang og den tredje lengste songen deira. Ein over 16 minuttar lang versjon finst på konsertalbumet Absolutely Live frå 1970.

Då bandet opphavleg skulle spele inn songen, møtte ikkje Jim Morrison opp på innspelinga, så bandet spelte han inn med Ray Manzarek på vokal. Morrison møtte opp dagen etter og måtte synge vokalen inn på nytt.

Songen startar med eit jazz-aktig riff med Ray Manzarek på orgel og John Densmore på trommer. Heilt i starten av songen kan ein høyre Jim Morrison sei «Yeah, come on». Orgelmelodien i starten er nesten heilt identiske musikken som vert nytta i songen «Soul Kitchen» frå det førre albumet. Bandet kjem inn på første verset, som dei repterer, før Morrison så syng refrenget. Ein gitarsolo av Robby Krieger følgjer. Igjen dukkar ein annan song frå det første albumet opp då Morrison syng «Turn out the lights», som òg vert sungen i «End of the Night». Volumet på songen minkar så gradvis og er den roelgaste delen av songen, som varer kring fire minuttar med synginga til Morrison, ein roleg bass frå Manzarek, ein mjuk gitar av Krieger og trommer av Densmore. Songen er nesten heilt stille då den kjende tekstlinja «We want the world and we want it now!» vert ropt ut av alle medlemmane. Ein trommevirvel kjem så før songen skiftar gir og Morrison skrik ut resten av teksten.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]