Mens du sov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå While You Were Sleeping)
While You Were Sleeping
RegiJon Turteltaub Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Joe Roth Sjå dette på Wikidata
ManusDaniel G. Sullivan Sjå dette på Wikidata
MedverkandeSandra Bullock, Bill Pullman, Peter Gallagher, Peter Boyle, Glynis Johns, Jack Warden, Micole Mercurio, Michael Rispoli, Monica Keena, Ally Walker, Margaret Travolta, Rick Worthy, Jason Bernard, Mike Bacarella Sjå dette på Wikidata
KlippBruce Green Sjå dette på Wikidata
MusikkRandy Edelman Sjå dette på Wikidata
SjeffotografPhedon Papamichael Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapHollywood Pictures, Caravan Pictures Sjå dette på Wikidata
DistributørInterCom, Netflix, Disney+ Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato21. april 1995 (USA),[1] 27. juli 1995 (Tyskland),[2] 28. juli 1995 (Sverige)[3]
Lengd103 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Sjangerromantisk komedie, julefilm Sjå dette på Wikidata

Mens du sov (engelsk originaltittel While You Were Sleeping) er ein amerikansk romantisk komediefilm frå 1995. Filmen vart regissert av John Turtletaub med Sandra Bullock og Bill Pullman i hovudrollene. Daniel G. Sullivan og Frederic Lebow skreiv manuset medan filmmusikken var skriven av Randy Edelman.

Rollene vert spelte av mellom andre Sandra Bullock, Bill Pullman, Peter Gallagher, Peter Boyle, Jack Warden, Glynis Johns, Micole Mercurio, Jason Bernard, Michael Rispoli, Monica Keena og Ally Walker.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Lucy tek imot billettmyntar ved undergrunnen i Chicago.

Sandra Bullock spelar Lucy, ein grå og einsam arbeidar ved undergrunnen i Chicago. Ho har eit godt auge til pendlaren Peter Callaghan (Peter Gallagher), og reddar han frå jarnbanesporet etter at han er blitt dytta medvitslaus der av ein ranarførste juledag. Lucy følgjer med til sjukehuset der ein sjukepleiar høyrer henne seia at «eg skulle gifta meg med han». Sjukepleieren trur dei to er trulova, og fortel dette til Peter sin familie. I kaoset som oppstår får ikkje Lucy seg til å forklara sanninga. Seinare tilstår ho kva som har skjedd til Peter, som framleis er i koma. Ho blir overhøyrd av Saul (Jack Warden), gudfaren til Peter, som konfronterer henne, men går med på å halda på løyndommen.

I mellomtida har Lucy blitt kjend med Jack (Bill Pullman), bror til Peter, og dei er blitt forelska. Då Peter vaknar etter nyttår kjenner han ikkje att Lucy, og alle trur han har mista minnet. Saul føreslår at han skal be Lucy om å gifta seg med han oppatt. Ho seier ja, sjølv om ho eigentleg elskar Jack. Då Jack vitjar henne dagen før bryllaupet ber Lucy han om ein grunn til at ho ikkje skal gifta seg med Peter, men han gjev henne ingen.

På sjølv bryllaupsdagen stoppar Lucy seremonien og fortel sanninga til heile familien. Så kjem også den eigentlege trulova til Peter, Ashley Bartlett Bacon (Ally Walker), for å stoppa bryllaupet. Lucy trekk seg ut medan familien kranglar.

Ei tid seinare kjem Jack til Lucy medan ho er på jobb. Han legg ein trulovingsring i billettluka hennar og frir til henne medan heile familien ser på. Filmen sluttar med at dei kysser kvarandre etter å ha blitt gift og tek undergrunnsbanen for å dra på bryllaupsreise. Lucy fortel over avsluttinga at då Peter spurde henne kva tid ho blei forelska i Jack, svarte ho at det var «mens du sov».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.boxofficemojo.com/movies/?id=whileyouweresleeping.htm.
  2. http://www.imdb.com/title/tt0114924/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 14. april 2017; språk på verket: engelsk.
  3. http://www.sfi.se/sv/svensk-filmdatabas/Item/?itemid=20824&type=MOVIE&iv=Titles.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]