Whillansstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 83°40′S 145°00′W
Whillansstraumen
isstraum
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 83°40′S 145°00′W
Administrert under Antarktistraktaten
Whillansstraumen is located in Antarktis
Whillansstraumen (Antarktis)

Whillansstraumen er ein isstraum i Den vestantarktiske innlandsisen, tidlegare kalla Ice Stream B. Han fekk nytt namn i 2001 etter glasiolog ved Ohio State University, dr. Ian Whillans.

Nyare forsking[endre | endre wikiteksten]

Whillansstraumen er ein av fleire store, rasktflytande isstraumar som strøymer ut frå Den vestantarktiske innlandsisen og ut i Rossisen. Det vert forska mykje på isstraumen. Mellom anna trur forskarane at ein subglasial innsjø under isen er med på å få isen til å flyte raskare etter kvart som innsjøen periodevis fyllast og tømmast.[1]

Andre forskarar, òg finansierte av National Science Foundation, rapporterte 5. juni 2008 i journalen Nature at seismologiske data og GPS-data synete at Whillansstraumen sender ut to seismiske bølgjer kvar dag, kvar tilsvarande eit jordskjelv med momentmagnitude på 7. Forskinga syner at elvar av is flyttar seg ein halvmeter i løpet av ti minutt, og så er i ro i 12 timar, så flyttar dei seg enno ein halvmeter.Kvar gong han flyttar seg, vert det sendt ut seismiske bølgjer som vert registrerte av seismografar kring Antarktis og til og med så langt borte som Australia, meir enn 6400 km unna.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]