Whin Sill
| Whin Sill | |||
| sill | |||
Whin Sill ved Crag Lough, med Hadrianmuren langs ryggen. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Wikimedia Commons: Whin Sill | |||
Whin Sill eller Great Whin Sill er eit magmatisk steinlag av doleritt i County Durham, Northumberland og Cumbria i Nordaust-England. Det ligg delvis i North Pennines Area of Outstanding Natural Beauty og delvis i Northumberland National Park, og strekkjer seg nordover frå Teesdale mot Berwick.
Laget er ein viktig naturleg del av Nord-Penninane. Det er ved tydeleg ved fossen High Force i Teesdale. Bamburgh Castle, Dunstanburgh Castle og Lindisfarne Castle utnyttar alle dei strategisk høge, steinete klippeformasjonane danna av laget.
Whin Sill-komplekset blir vanlegvis delt opp i tre delar: Holy Island Sill, Alnwick Sill og Hadrian's Wall-Pennines Sill, som blei danna av separate magmaflaumar, men på omtrent same tid.[1]
Mot slutten av karbontida og i tidlege perm, for rundt 295 millionar år sidan (Ma), gjorde skorpeutvidingar forårsaka av rørslene til jordskorpeplatene under den hercynske orogenesen intrusjonar av magma over mykje av det framtidige Nord-England.[1] Desse var stort sett samanfallande med laga av den eksisterande berggrunnen. Då dei magmatiske intrusjonane blei kjølte, krystalliserte dei seg til solid doleritt og danna Whin Sill. Laget er datert til rundt 301–294 millionar år sidan, og strekker seg dermed over grensa mellom karbon og perm på 299 Ma.[2]
Laget ligg under mykje av Sør- og Aust-Northumberland og Durham Coalfield. Den maksimale kjende tjukna på rundt 70 meter (230 fot) finst i Nordpenninane.
Doleritt er motstandsyktig mot erosjon, og er grunnlaget for ei rekkje slåande geomorfologiske formasjonar som High Force, Low Force, Cauldron Snout, High Cup Nick, Scordale og Holwick Scars.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 D. Liss, W.H. Owens and D.H.W. Hutton, New palaeomagnetic results from the Whin Sill complex: evidence for a multiple intrusion event and revised virtual geomagnetic poles for the late Carboniferous for the British Isles, Journal of the Geological Society; December 2004; v. 161; no. 6; p. 927–938; doi:10.1144/0016-764903-156, 2004 Geological Society of London, England
- ↑ «GeoIndex Onshore». British Geological Survey. Henta 8. juli 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Whin Sill» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2026.