Whipping Post

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Whippin' Post)
Hopp til navigering Hopp til søk
Whipping Post
Song av The Allman Brothers Band
frå albumet The Allman Brothers Band (studio)
At Fillmore East (live)
Utgjeve 4. november 1969 (studio)
juli 1971 (live)
Innspelt 7. august 1969 (studio)
13. mars 1971 (live)
Sjanger Bluesrock, Southern rock, jam
Lengd 5:20 (studio)
22:56 (live)
Selskap Capricorn Records
Låtskrivar(ar) Gregg Allman
Produsent Adrian Barber (studio)
Tom Dowd (live)

«Whipping Post» er ein song av The Allman Brothers Band. Han er skriven av Gregg Allman og den fem minuttar lange studioversjonen kom først ut i 1969 på debutalbumet deira The Allman Brothers Band. Den store krafta i songen kom likevel først til syne på konsertane deira, der han var grunnlaget for mykje lengre og intense versjonar.[1][2] Eit klassisk opptak av songen finst på det doble konsertalbumet At Fillmore East i 1971,[3] der ein 23 minuttar lang episk versjon avsluttar albumet.[4][5] Det var denne innspeligna som gjorde at «Whipping Post» vart valt ut på listene « Rock and Roll Hall of Fame sine 500 songar som forma Rock and Roll»[6] og Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene.[3]

Komposisjon og studioversjonen[endre | endre wikiteksten]

Gregg Allman var 21 år gammal då songen vart spelt inn. Songen vart skriven mot slutten av mars 1969, då The Allman Brothers Band vart danna.[7] Gregg hadde ikkje klart å kome seg fram som musikar seint i 1960-åra i Los Angeles,[8] og var i ferd med å gje seg heilt som musikar då broren Duane Allman ringde og sa at det nye bandet hans trengde ein vokalist. Gregg synte bandet 22 songar han hadde skrive, men berre «Dreams» og «It's Not My Cross to Bear» vart rekna som gode nok.[9] Gregg, som var den einaste låtskrivaren i bandet på den tida, vart beden om å skrive fleire songar som kunne høve det nye bandet, og dei neste fem dagane skreiv han fleire, inkludert «Whipping Post».[9]

Songen handla om alle prøvane Gregg hadde gått igjennom som musikar i 60-åra,[8] og songen vart raskt skriven på eit strykebrett:[10] Han sa seinare: «Han kom så raskt. Eg fekk ikkje ein gong tid til å hente papir. Det er slik dei gode songane kjem, dei berre treff deg som ein murstein».[10]

Teksten i bluesrocksongen handlar om ein metaforisk gapestokk, ei vond kvinne og fåfengt eksistensiell sorg. Forfattaren Jean-Charles Costa skildra studioversjonen som ei «solid rame for ein song som gjev tusenvis av mogelegheiter for å utvidast med soloar. ... [Han er] i modifisert 3/4-takt, og byggjer på til ei rekkje skrikande sologitartema, og når full styrke i refrenget med doble sologitarar».[1] Resultatet vart av Rolling Stone kalla «ein varig hymne ... fylt med pinande blues-ballade bilete».[3]

Musikalsk er songen umiddelbart gjenkjenneleg for å bruke ein 11/4-takt i introen.[11] Som Gregg Allman seinare sa:

"Eg visste ikkje at introen var i 11/4-takt. Eg berre såg det som tre set med tre, og så to for å hoppe til dei neste setta med tre: det var som 1,2,3—1,2,3—1,2,3—1,2. Eg kunne ikkje telje det som om det var 1,2,3,4,5,6,7,8,9,10,11. Det var ein kort takt, men det føltes ikkje som ein kort, fordi for å kome attende til triolen, måtte du ta to steg opp. Du slo verkeleg hardt på dei to, for å legge trykk på dei, slik at dei tre setta vart skilde. ... [Duane] sa, 'Det er bra, man, eg visste ikkj at du forstod 11/4.' Og eg sa sjølvsagt noko intelligent som, 'What's 11/4?' og Duane sa berre, 'Ok, tosk, eg skal prøve å teikne det på eit ark for deg.'»[10]

Den originale «Whipping Post» vart spelt inn for The Allman Brothers Band den 7. august 1969, ved Atlantic Recording Studios i New York City.[10] Adrian Barber var produsent og bandet brukte heile dagen i studio på songen.[10] Albumet kom ut den 4. november 1969, men selde dårleg, og nådde så vidt botnen av den amerikanske albumlista.[12] «Whipping Post» vart sett sist på albumet.

At Fillmore East-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den kjende konsertversjonen vart spelt inn ved Fillmore East i New York på den andre konserten til bandet der, den 13. mars 1971.[13] Duane Allman byrjar å introdusere songen – «Berry starts her off» – før ein fan ropar ut «Whipping Post!"[14] Duane svarar, «You guessed it,»[14] og Berry Oakley starta songen med ein kraftig, rumlande [3] 11/4-takts bassgitar som Rolling Stone sa gav songen eit «stemningsskapande moment»[4] og som vart eit av dei mest kjende bassriffa i rockehistoria.[14]

Kort tid etter kjem Duane og Dickey Betts sine sologitarar inn, før Gregg Allman sitt Hammondorgel kjem inn.[14] Vokalpartia er spreidd utover den 23 minuttar lange versjonen, med lange instrumentalparti innimellom.

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Trass i lengda vart konsertversjonen av «Whipping Post» mykj spelt på progressiv rockeradio tidleg i 1970-åra, særleg seint på kveldane eller i helgene. Dette førte til at «Whipping Post» vart ein av dei mest kjende songane til bandet.[15][16]. Det hjalp og ryktet til At Fillmore East som The Rolling Stone Record Guide skreiv om i 1979, «har ingen bortkasta notar, ingen poenglause jammar, ingen halvhjarta vokal—alt tel»,[17]. Rolling Stone skreiv i 2002, «det finaste konsertopptaket som nokon gong er festa til vinyl».[4] VH1 sa om «Whipping Post» at det «var dette bandet vart kjend for, ein endelause klatring av aukande drama staka ut av doble gitarareksorsismar av Duane og Dickey Betts og den kule, avmålte, nesten jazz-aktige rytmeseksjonen».[18]

Songen fekk òg ei nesten legendarisk rolle på rockekonsertar tidleg i 1970-åra då publikum på andre artistar sine konsertar på spøk ropte ut «Whipping Post!» mellom songane, slik tilhengjaren hadde gjort på At Fillmore East.[18] Jackson Browne merka seg dette på konsertane hans på denne tida. Det same skjedde i 1974 i Helsingfors under ein konsert med Frank Zappa, som skildra under.[19][20] Seinare skjedde det same med Lynyrd Skynyrd sin «Free Bird»[18].

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

I 1974 under ein Frank Zappa-konsert i Helsingfors i Finland, ropte ein mann i publikum om «Whipping Post». Zappa svarte med å spele ein southern rock-versjon av songen «Montana»,[20] med undertittelen «Whipping Floss».[19] Dette vart gjeve ut på konsertalbumet You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 i 1988. I 1981 lærte bandet til Zappa seg «Whipping Post» og la han til repertoaret sitt, sidan den nye songaren og klaverspelaren Bobby Martin kjende songen og song solovokal på han.[19] Zappa spelte ein studioversjon av songen i 1984 for albumet Them or Us; ei konsertutgåve av songen med sonen til Frank, Dweezil Zappa på sologitar kom ut i 1986 på Does Humor Belong in Music?.

Genya Ravan spelte inn songen i 1974 for albumet Goldie Zelkowitz,[21] som sidan vart sampla av Jay-Z på «Oh My God» på albumet Kingdom Come i 2006.[21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Costa, Jean-Charles (1973). Plateomslagstekst for Beginnings. Capricorn Records.
  2. Nathan Brackett, Christian Hoard (eds.) (2004). Rolling Stone Album Guide. Fireside Books. ISBN 0-7432-0169-8.  s. 15.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Whipping Post». Rolling Stone. 2004-12-09. Henta 22. august 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Mark Kemp (2002-07-16). «The Allman Brothers Band: Live At Fillmore East». Rolling Stone. 
  5. Prown, Pete; Newquist, HP (1997). Legends of Rock Gutiar: The Essential Reference of Rock's Greatest gitarists. Hal Leonard Corporation. ISBN 0-7935-4042-9.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp) s. 131.
  6. «500 Songs that Shaped Rock and Roll». The Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 7. juni 2014. Henta 22. august 2014. 
  7. «The Allman Brothers Band». The Rock and Roll Hall of Fame. Henta 22. august 2014. 
  8. 8,0 8,1 Paul, Alan (1997). Plateomslagstekst for One More Try: An Anthology. Polygram Records.
  9. 9,0 9,1 Poe, Randy (2006). Skydog: The Duane Allman Story. San Francisco: Backbeat Books. ISBN 0-87930-891-5.  s. 108.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Poe, Skydog, s. 124–125.
  11. Peters, Stephen (1999). What a Long, Strange Trip: The Stories Behind Every Song 1965-1995. Thunder's Mouth Press. ISBN 1-56025-233-2.  s. 51.
  12. «The Allman Brothers Band: Salslister and Awards». Allmusic. Henta 22. august 2014. 
  13. (1992) Plateomslagstekst for The Fillmore Concerts. Polydor Records.
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Poe, Skydog, s. 183–184.
  15. Robert Palmer (1989-06-25). «A Band That Gave An Age of Excess A Good Name». The New York Times. 
  16. Bruce Eder. «The Allman Brothers Band: Biography». Allmusic. Henta 22. august 2014. 
  17. Dave Marsh, John Swenson (eds.) (1979). The Rolling Stone Record Guide. Random House/Rolling Stone Press. ISBN 0-394-73535-8.  s. 6.
  18. 18,0 18,1 18,2 Hoye, Jacob; VH1 (2003). 100 Greatest Albums. Simon and Schuster. ISBN 0-7434-4876-6.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp) s. 132, 133.
  19. 19,0 19,1 19,2 Menn, Don (1992). Secrets from the Masters: Conversations med Forty Great Guitar Players. Backbeat Books. ISBN 0-87930-260-7.  s. 287
  20. 20,0 20,1 Lowe, Kelly Fisher (2007). The Words and Music of Frank Zappa. University of Nebraska Press. ISBN 0-8032-6005-9.  s. 87.
  21. 21,0 21,1 Kelefa Sanneh (2006-11-19). «Uneasy Lies the Head». The New York Times. Henta 2008-09-21.