Whistling Down the Wire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Whistling Down the Wire
Studioalbum av Crosby & Nash
Utgjeve 25. juni 1976
Sjanger Rock
Lengd 36:36
Selskap ABC Records (1976)
MCA Records (2000)
Produsent David Crosby, Graham Nash, Stephen Barncard
Crosby & Nash-kronologi
Wind on the Water
(1975)
Whistling Down the Wire Crosby-Nash Live
(1977)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Whistling Down the Wire er det tredje studioalbumet til Crosby & Nash, gjeve ut på ABC Records i 1976. Kassett- og 8-sporslydbandsutgåva av albumet vart distribuert av Atlantic Records, som Crosby, Stills, Nash & Young hadde kontrakt med. Albumet nådde 26. plassen på Billboard 200-lista og selde til gullplate.[2][3] Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, «Out of the Darkness» og «Spotlight», der berre den første av desse gjekk inn på Billboard Hot 100, på 89. plassen.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen med det førre albumet deira, tok David Crosby og Graham Nash med seg bandet som spelte på det albumet ut på turné sommaren og hausten 1975. I løpet av innspelingane for dette albumet, vart både Nash og Crosby inviterte til å syngje på eit prosjekt av Stephen Stills og Neil Young, kalla The Stills-Young Band som vart det einaste albumet paret gav ut, Long May You Run. Det som kunne ha blitt eit potensielt sameina CSNY vart torpedert då Stills og Young fjerna all vokalen Crosby og Nash hadde sugne inn. Crosby og Nash gjekk i staden attende til å fullføre dette albumet.[5] Crosby og Nash la ut på turné att for å marknadsføre albumet i 1976, men mot slutten av året var dei attende med Stills for det andre albumet av CSN-trioen, gjeve ut i 1977. Trioen spelte inn fleire album i lag i åra som følgde og det kom ikkje noko nytt album av Crosby og Nash som duo på 28 år.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Som på dei to førre albuma deira, vart dei akkompagnerte av ei gruppe studiomusikarar kalla The Section, som her bestod av klaverspelaren Craig Doerge, gitaristen Danny Kortchmar og trommeslagaren Russell Kunkel, i tillegg til multiinstrumentalisten David Lindley og bassisten Tim Drummond. Mange av songane på dette albumet, inkludert «Time After Time», «J.B.'s Blues», og «Marguerita», var songar som var til overs etter innspelingane for Wind on the Water.[6]

Både dette albumet og føregangarane er døme på sjangeren softrock som var særleg populær i midten av 1970-åra. Med to gullalbum på rad hadde dei slått den tidlegre partnaren Stills, som berre hadde hatt eitt gullalbum blant sine fem siste utgjevingar, og det var i lag med Neil Young.[7] Likevel gjekk duoen med på å slå seg saman med Stills att og spele som Crosby, Stills, and Nash.

Innspelinga for dette albumet gjekk føre seg i Rudy Recorders i San Francisco, og Sound Lab i Los Angeles. Whistling Down the Wire kom ut på CD 11. januar 2000 på MCA Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Spotlight»  Graham Nash, Danny Kortchmar 2:51
2. «Broken Bird»  David Crosby, Graham Nash 2:44
3. «Time After Time»  David Crosby 2:32
4. «Dancer» (instrumental)David Crosby 4:50
5. «Mutiny»  Graham Nash 4:45

Side to[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «J.B.'s Blues»  Graham Nash 2:41
2. «Marguerita»  Graham Nash 4:13
3. «Taken at All»  David Crosby, Graham Nash 3:07
4. «Foolish Man»  David Crosby 4:29
5. «Out of the Darkness»  David Crosby, Graham Nash, Craig Doerge 4:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
Produksjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Billboard David Crosby chart history henta 21. januar 2019
  3. RIAA database henta 21. januar 2019
  4. Whistling Down the Wire MCA 088 112 032-2, 2000 reissue, liner notes.
  5. Zimmer, Dave, and Diltz, Henry. Crosby Stills & Nash: The Authorized Biography, St. Martin’s Press, 1984. ISBN 0-312-17660-0, pp. 185-6.
  6. Whistling 2000 reissue liner notes.
  7. RIAA database henta 21. januar 2019