White Rabbit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
White Rabbit
Singel av Jefferson Airplane
frå albumet Surrealistic Pillow
B-side «Plastic Fantastic Lover»
Innspelt 3. november 1966
Sjanger Psykedelisk rock, acid rock
Lengd 2:31
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Grace Slick
Produsent Rick Jarrard

«White Rabbit» er ein psykedelisk rock/acid rock-song av Jefferson Airplane frå albumet deira Surrealistic Pillow frå 1967. Han vart gjeven ut som singel og var den andre hitsingelen deira, med ein åttandeplass i på singellista i USA.[1] Songen vart rangert på 483. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[2], 27. plass på lista til Rate Your Music over dei største singlane gjennom tidene, samt at han ligg på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rockehistoria.

Historie[endre | endre wikiteksten]

One pill makes you larger
And one pill makes you small

Grace Slick (1967)

«White Rabbit» vart skriven av Grace Slick medan ho framleis song i The Great Society. Då bandet vart oppløyst i 1966 vart Slick invitert med i Jefferson Airplane for å erstatte Signe Toly Anderson, som forlet bandet då ho fødde eit barn. Det første albumet ho spelte inn med Jefferson Airplane var Surrealistic Pillow, og Slick tok med seg to songar frå det tidlegare bandet hennar, hennar eigen «White Rabbit» og «Somebody to Love» , skriven av Darby Slick og spelt inn som «Someone to Love» av the Great Society. Begge songane vart store hittar for Jefferson Airplane og har sidan vore tilknytt bandet.

Tekst og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein av dei tidlegaste songane til Grace Slick, skriven anten seint i 1965 eller tidleg i 1966, og samanliknar hallusinasjonane ein opplever med psykedeliske dop, som LSD og psilocybinsoppar, med bilete frå fantasiverka til Lewis Carroll: Alice's Adventures in Wonderland frå 1865 og oppfølgjaren Through the Looking-Glass frå 1871. Hendingane i desse bøkene, som at ein endrar storleik etter å ha ete sopp eller drikke ein ukjend drykk, vert omtalte i songen. Fleire av karakterane frå bøkene vert òg omtalte.

For Slick og andre i 1960-åra var narkotika ein del av den sosiale eksperimenteringa. Med gåtefull tekst vart «White Rabbit» ein av dei første songane som klarte å snike naroktikareferansar gjennom radiosensuren. Sjølv Marty Balin, som etter kvart vart rivalen til Slick i Airplane, reknar songen som eit «meisterverk».

Songen er skriven som eit stigande crescendo liknande Ravel sin kjende Boléro, og har ein sterk spansk påverknad med hornarrangement av Spencer Dryden.[3] Musikken kombinert med teksten er ein sterk indikasjon på sanselege effektane ein får med hallusinogen.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn av mange andre artistar opp gjennom åra

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

479:
 «Lady Marmelade» 
Patti LaBelle
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
478

Jefferson Airplane – «White Rabbit»

477:
 «I Want to Know What Love Is» 
Foreigner