Whitehall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Whitehall, sett nordfrå mot Parlamentet

Whitehall er ei gate i City of Westminster i London. Han går frå Trafalgar Square og to tredjedelar av vegen til Westminsterpalasset; resten av gata dit heiter Parliament Street.

Namnet kjem frå Whitehallpalasset som låg i området, og som brann ned i 1698. Gata var opphavleg ein brei veg føre palasset, medan Parliament Street var ein liten sideveg. Etter at palasset brann vart Parliament Street gjort breiare, slik at det vart eit samanhengande gateløp. Den einaste delen som står igjen av palasset er Banqueting House frå 1622, teikna av Inigo Jones. Kong Karl I vart avretta på eit skafott som var reist utanfor bygningen, som han gjekk ut på frå eit vindauge i andre etasjen. Avrettinga blir minna på staden kvart år av rojalistar.

Forsvarsdepartementet

Whitehall er det administrative sentrumet for den britiske regjeringa, og namnet blir ofte brukt synonymt med regjeringa eller departementa. I Downing Street, som er ei sidegate til Whitehall, ligg statsministeren sin og dei offisielle bustadene til finansministeren. Bygningen til Forsvarsdepartementet er ein av dei største og mest framtredande.

Kenotafen på Whitehall

Kenotafen er det fremste krigsminnesmerket i Storbritannia. Han vart reist midt i gata etter første verdskrigen, men er eit minnesmerke for alle krigar der britiske liv har gått tapt.

Scotland Yard, politistyrken i London, har namnet sitt etter Great Scotland Yard, som ligg opp mot Whitehall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]