Whitianga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Whitianga
Whitianga is located in New Zealand
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region: Waikato
Folketal (2006) 3 768
Distriktsstyre Namn Thames-Coromandel Territorial Authority
Regionstyre Namn Waikato Regional Council
Heimeside til distriktsstyresmaktene: http://www.tcdc.govt.nz/
Folketal ved folketeljinga i 2006
Kjelde: Statistics New Zealand
Buffalo Beach, Whitianga

Whitianga (uttala Fitianga) er den største busetnaden i Mercury BayNordøyaNew Zealand. Folketalet var 3 768 ved folketeljinga i 2006, ein auke på 690 frå 2001.[1]

Utbygging[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2001 har det vore auka utbygging av nye næringsområde, og likeeins bustadområde. Ein kan sjå to distinkte trekk i utviklinga av bustadar:

  • Husvære vert bygde på ulike stadar, mange med utsikt over hamna.
  • Ei utbygging av kanalar sørgjer for eit maritimt miljø, mange av husa ligg langs kanalar som tillet marin tilgang frå estuaret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maori historie[endre | endre wikiteksten]

Whitianga har vore kontinuerleg busett i meir enn eit tusen år, sidan maorioppdagaren Kupe si slekt slo seg ned her kring året 950. Seinare slo fleire av Kupe sin stamme seg ned her. Te Whitianga a Kupe er det opphavlege namnet til byen, dette tyder staden der Kupe kryssa elva. Det går stadig ei passasjerferje over frå Whitianga til Ferry Landing, nær Cooks Beach. Alternativet til den to minuttar lange ferjeturen, er å køyra 45 minuttar i bil.

Kaptein Cooks besøk i 1769[endre | endre wikiteksten]

Folket i iwien Hei æra leiaren sin med nokre få stadnamn, eit av desse ved havbukta der han slo seg ned, Te Whanganui A Hei, (den store bukta til Hei). Denne store, skjerma bukta fekk seinare nytt namn av kaptein James Cook då han kom hit i november 1769 for å studera passasjen til planeten Merkur. Cook hadde astronomen Charles Green frå Royal Society (The Royal Society of London for the Improvement of Natural Knowledge) i følgjet sitt. Green døydde på heimreisa i 1771.

Frå James Cook si loggbok: - «årsaka til at eg gjekk inn her, var at eg vona å finna ei tilfredsstillande hamn, og ønskjet eg hadde om å vera på ein høveleg stad for å sjå Merkurpassasjen som vil vera fullt synleg her dersom dagen er klår mellom klokka fem og seks». Cook gav òg Whitianga Harbour namnet River of Mangroves (Mangroveelva), og området vert enno omtala som «The River».

Observasjonen av Merkurpassasjen er markert ved Cooks Beach med ein varde av Coromandelgranitt med ei innskriftsplate som fortel: - «I denne bukta ankra barken HMS Endeavour under kapteinløytnant James Cook RN opp 5 Nov 1769. Han observerte Merkurpassasjen og gav namn til denne bukta».

Europeisk busetnad[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege europeiske busetnaden låg på motsett side av elva frå omkring 1836 til 1881.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Whitianga ligg på austsida av Coromandelhalvøya, 208 km frå Auckland, 93 km frå Thames og 42 km frå Tairua. Staden ligg ved havbukta Mercury Bay, som strekkjer seg nord frå Mercury Islands til nær Tairua.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Historisk var Whitianga eit senter for båtbygging, kaurisagbruk, utnytting av New Zealand flax (Phorium cookianum og P. tenax), gullgraving og utvinning av kauri gum (meir eller mindre forsteina kvae frå kauritreet). I mange år var byen ei leiande tømmerhamn, der seglskuter frå Noreg, Sverige, Frankrike, Italia og Storbritannia som kom for å lasta tømmer.

Den første lasta med kauri gum vart utskipa i 1844. Eksporten nådde ein topp i 1899 då meir enn 11 000 tonn gum vart utført til ein gjennomsnittspris på $120 tonnet.

I dag tener Whitianga som eit lite regionsenter for austsida av området Coromandel Peninsula / Mercury Bay, og er eit knutepunkt for lokalt fiske, landbruk og turisme.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Mercury Bay Area School er ein barne-, ungdoms- og vidaregåande skule for første til femtande skuleåret. Skulen har 759 elevar.[2] Den første grunnskulen i området opna i 1872. Ein distriktshøgskule opna her i 1951.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°50′S 175°42′E