Whittle Dene

Koordinatar: 55°00′32″N 1°54′00″W / 55.009°N 1.900°W / 55.009; -1.900
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Whittle Dene
innsjø
Land  Storbritannia
Innsjøtype reservoar
Koordinatar 55°00′32″N 1°54′00″W / 55.009°N 1.900°W / 55.009; -1.900
Kart
Whittle Dene
55°00′32″N 1°54′00″W / 55.009°N 1.9°W / 55.009; -1.9
Wikimedia Commons: Whittle Dene reservoirs

Whittle Dene er ein innsjø 19 km vest for Newcastle upon Tyne i England og er eit kompleks av reservoar og reinseanlegg som er det siste stadiet i vassforsyninga til Newcastle upon Tyne og Gateshead.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Komplekset vart bygt mot slutten av 1800-talet for Newcastle and Gateshead Water Company. Komplekset dannar ei rekkje av reservoar langs A68-vegen som er knytte saman via tunnelar og akvedukter frå Catcleugh-reservoaret til Whittle Dene.[1] Desse er drikkevasskjeldene til Newcastle upon Tyne, Gateshead og omliggande område.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Det er mange forskjellige habitat rundt komplekset, med barskog og blandingsskog, nøytrale grassletter og myrlendte grassletter. Mot slutten av mars kan ein vanlegvis sjå dei første sandsvalene over reservatet, og sommaren mykje svale og seglarar. Fuglar som hekkar her er mellom anna toppdykkar og toppand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «NWA Reservoars». 2006-2009. Henta 31. mars 2010. [daud lenkje]