Who'll Stop the Rain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Who'll Stop the Rain?)
Who'll Stop the Rain
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Cosmo's Factory
A-side

«Travelin' Band»

Språk engelsk
Utgjeve Januar 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 2:29
Selskap Fantasy
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
«Down on the Corner»
(1969)
Who'll Stop the Rain «Up Around the Bend»
(1970)


«Who'll Stop the Rain» er ein song av John Fogerty og spelt inn av Creedence Clearwater Revival i 1970 for albumet Cosmo's Factory. I lag med «Travelin' Band» vart songen gjeve ut som singel og nådde andreplassen på Billboard Pop Singles-lista. I 2004 og 2012 vart songen rangert på 188. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tekstmessig er «Who'll Stop the Rain» delt inn i tre vers med eit vers i fortida, eit i nyleg fortid og eit i notida. Alle versa gjev ei kjensle av at noko ikkje er som det skal vere, men seier ikkje kva, berre at problema må handsamast av dei som ønskjer å fikse dei.

Musikalsk står songen i kontrast til den 50-talsrock-inspirerte «Travelin' Band» og har ei meir akustisk folkrock kjensle. Som mange folkrocksongar starta han med eit akustisk gitarriff, men akkompagnementet gjennom songen har meir ein roots-rock-stil enn det ein høyrer på meir vanlege folkrocksongar.[2] Sidan songen kom i 1970 og den noko truande kjensla i songen, er det mange som har rekna «Who'll Stop the Rain» som ein protest mot Vietnamkrigen. John Fogerty sa om songen i Rolling Stone

« Eg snakka heilt klart om Washington, då eg skreiv songen, men eg hugsar at eg tok ein masterversjon av songen heim og spelte han. Sonen min Josh var fire år då og etter å ha høyrt songen sa han, 'Daddy stop the rain'. Og kona mi og eg såg på kvarandre og sa, 'Vel, ikkje heilt.'. »

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart mykje spelt av Bruce Springsteen på konsertturneen hans i 2003. Springsteen og E Street Band opna med «Who'll Stop the Rain» kvar gong det regna.[3]

Då Creedence Clearwater Revival vart innlemma i Rock & Roll Hall of Fame i 1993 spelte Springsteen songen i lag med John Fogerty. Songen er òg spelt av Rudy Rotta, Rod Stewart, Rise Against, Courtney Jaye, The Ventures, Vince Neil og finst på konsertalbumet til John Fogerty frå 1998, Premonition. The Stereophonics har ?og spelt inn songen.

I 2013 spelte Fogerty inn songen for albumet Wrote a Song For Everyone i ein duett med Bob Seger.

Salslister og trofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[4] 1
Belgia (Ultratip Vallonia)[5] 3
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[6] 1
US Billboard Hot 100[7] 2

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[8] Platina 2 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelbar i videospelserien Rock Band.

I 1978 vart songen nytta i filmen Who'll Stop the Rain. I filmen spelar Nick Nolte ein Vietnam-veteran. Han skulle opphavleg heite Dog Soldiers etter boka han er basert på, men då produsentane fekk rettane til songen, endra dei tittelen.[3] Songen finst òg i filmen Powwow Highway frå 1989. Både originalen og ein langsamare versjon av Courtney Jaye finst i filmen December Boys. Eit klipp av songen finst i filmen The War.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]