Who Do We Think We Are
Who Do We Think We Are Album av Deep Purple | ||
Utgjeve | 26. januar 1973 (US) februar 1973 (UK) | |
Innspelt | juli 1972 (Roma) oktober 1972 (Frankfurt) | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
Lengd | 34:27 | |
Selskap | EMI/Purple (UK) Warner Bros. (US) | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Deep Purple-kronologi | ||
Machine Head (1972) |
Who Do We Think We Are | Burn (1974)
|
Who Do We Think We Are er det sjuande albumet av det engelske rockebandet Deep Purple. Det vart spelt inn i Roma (juli 1972) og Frankfurt (oktober 1972) med Rolling Stones Mobile Studio. Det var det siste albumet til Deep Purple med Mark II-besetninga før Perfect Strangers (1984).
Oversyn[endre | endre wikiteksten]
Sjølv om «Woman from Tokyo» var ein hitsingel, kjempa gruppa, som sleit med intern krangling, med å kome med songar av same kvalitet som på dei tre førre albuma deira (og det første konsertalbumet deira). Sjølv om det nådde fjerdeplassen i Storbritannia og 15. plass i USA, selde det ikkje like godt som dei førre albuma. Likevel var Deep Purple den bestseljande artisten i USA i 1973 (Sjå òg Machine Head og Made in Japan). Albumet selde til gullplate den 11. april 1973 av RIAA, og selde 500 000 kopiar i USA.[2]
«Woman from Tokyo» vart spelt inn i juli 1972 og handlar om turnering i Japan for første gong (til dømes teksten «Fly into the Rising Sun»). Den einaste andre songen som vart gjeven ut frå innspelingane i Roma er eit opptak av «Painted Horse». Resten av albumet vart spelt inn i Frankfurt etter fleire konsertar (inkludert Japan). «Place in Line» har ei mørkare blues-stemning.
Ian Gillan forlet bandet etter dette albumet på grunn av det ein trudde var stadige kranglar med Blackmore. Men i eit intervju under innspelinga av comebackalbumet for Deep Purple i 1984, Perfect Strangers, sa Gillan at han var utsliten og at mangementet hadde mykje med det å gjere.
Den siste konserten til Mark II-besetninga i 1970-åra før Ian Gillan og Roger Glover forlet bandet var i Osaka i Japan den 29. juni 1973.
Tittelen på albumet er henta frå ei negativ melding av Deep Purple sin Concerto for Group and Orchestra frå Rock i februar 1973 kalla "Who Do Deep Purple Think They Are?".
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar skriven av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice
Original utgåve[endre | endre wikiteksten]
- Side ein
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Woman from Tokyo» | 5:48 |
2. | «Mary Long» | 4:23 |
3. | «Super Trouper» | 2:54 |
4. | «Smooth Dancer» | 4:08 |
- Side to
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Rat Bat Blue» | 5:23 |
6. | «Place in Line» | 6:29 |
7. | «Our Lady» | 5:12 |
Bonusspor på 2000-utgåva[endre | endre wikiteksten]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «Woman from Tokyo» ('99 Remix) | 6:37 |
9. | «Woman from Tokyo» (Alternativ mellomspel) | 1:24 |
10. | «Painted Horse» (unytta studioopptak) | 5:19 |
11. | «Our Lady» ('99 Remix) | 6:05 |
12. | «Rat Bat Blue» (under innspelinga) | 0:57 |
13. | «Rat Bat Blue» ('99 Remix) | 5:49 |
14. | «First Day Jam» (instrumental) | 11:31 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Ritchie Blackmore - gitar
- Ian Gillan - vokal, munnspel
- Roger Glover - bass
- Jon Lord - tangentinstrument
- Ian Paice - trommer
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Who Do We Think We Are» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ «RIAA Gold & Platinum database». Henta 28. mai 2012.