Who Do You Love? av Bo Diddley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Who Do You Love?
Singel av Bo Diddley
B-side

I'm Bad

Utgjeve 1956
Innspelt Chicago, 24. mars 1956
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Lengd 2:18
Selskap Checker (no. 842)
Låtskrivar(ar) Ellas McDaniel (Bo Diddley)
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley

«Who Do You Love?» er ein song skriven av den amerikanske rock and roll-pioneren Bo Diddley. Songen vart spelt inn i 1956 med ein tekst som kombinerer hoodoo-aktige bilete og skryt. Det er ein livleg rockelåt, men originalversjonen hadde ikkje den vanlege Bo Diddley-rytmen hans.

«Who Do You Love?» var ein del av repertoaret til Bo Diddley gjennom heile karrieren hans. Songen er blitt tolka av mange andre musikarar opp gjennom åra, ofte med Bo Diddley-rytme. Populære versjonar vart spelt inn av Ronnie Hawkins og George Thorogood, The Woolies, Tom Rush, Quicksilver Messenger Service, og Juicy Lucy.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

I 1956 vart songen gjeven ut på singel av Checker Records, men nådde ikkje singellistene.[1] Han nådde eit større publikum då han vart med på det første albumet hans, Bo Diddley, som kom ut i 1958.[2] «Who Do You Love?» kom òg ut på mange seinare samleplater, som His Best.[3]

I 1967 spelte Bo Diddley inn ein oppdatert versjon av songen med Muddy Waters og Little Walter for albumet Super Blues.[4] Han spelte igjen inn songen i 1987 for filmmusikken til La Bamba. Willie Dixon produserte songen og Los Lobos akkompagnerte.[5]

I 2004 rangerte magasinet Rolling Stone Bo Diddley sin originalversjon på 133. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] I 2010 la National Academy of Recording Arts and Sciences songen til Grammy Hall of Fame Award.[7]

«Who Do You Love?» er blitt tolka av mange andre musikarar. Visesongaren Tom Rush spelte inn songen i 1966 for albumet Take a Little Walk with Me.[8]

Ein psykedelisk rockeversjon av The Misunderstood vart spelt inn i 1966 og gjeven ut som B-sida til «I Can Take You to the Sun» på Fontana Records.[9] Misunderstood-gitaristen Glenn Ross Campbell omarbeidde «Who Do You Love» med det seinare bandet sitt, Juicy Lucy, og denne nådde 14. plassen på UK Singles Chart i 1970.[10]

The Woolies spelte inn «Who Do You Love» i ein tidleg amerikansk garageband-stil og denne nådde 97. plassen på Billboard Hot 100 i 1967.[11] Andre versjonar er spelte inn av The Blues Project, The Doors, Carlos Santana og Jesus and Mary Chain.[4][1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Koda, Cub. «Bo Diddley: Who Do You Love? – Song Review». AllMusic. Henta 10. juli 2017. 
  2. Schnieders 1986, s. 2.
  3. Snowden 1997, Notes.
  4. 4,0 4,1 Trager 1997, s. 25.
  5. Morris 2015, s. 87.
  6. Rolling Stone (December 9, 2004). «The 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone (963). Henta 10. juli 2017. 
  7. «Grammy Hall of Fame Awards – Past Recipients». The Recording Academy. 2010. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 10. juli 2017. 
  8. Unterberger, Richie. «Liner Notes for Tom Rush's Take a Little Walk with Me». richieunterberger.com. Henta 10. juli 2017. 
  9. Thompson 2010, eBook.
  10. «Juicy Lucy – Chart History Singles». Official Charts. Henta 10. juli 2017. 
  11. Billboard (March 18, 1967). «Hot 100». Billboard (Nielsen Business Media) 79 (11): 20. ISSN 0006-2510.