Whomp That Sucker
Whomp That Sucker Studioalbum av Sparks | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1981 | |
Innspelt | 1980 | |
Studio | Musicland (München) | |
Sjanger | ||
Lengd | 38:38 | |
Selskap | RCA (USA) Why-Fi (Storbritannia) | |
Produsent | Mack for Giorgio Moroder Enterprises, Ltd | |
Sparks-kronologi | ||
---|---|---|
Terminal Jive (1980) |
Whomp That Sucker | Angst in My Pants (1982)
|
Singlar frå Whomp That Sucker | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [3] |
Rolling Stone | [4] |
Whomp That Sucker er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks, gjeve ut i 1981.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sparks hadde spelt inn No. 1 In Heaven og Terminal Jive med Giorgio Moroder. Begge hadde vore relativt suksessrike, men brørne syntest at alt det elektroniske utstyret var tungvindt å turnere med. Whomp That Sucker vart så spelt inn utan Giorgio Moroder i Musicland Studios i München, men framleis knytt til Giorgio Moroder Enterprises. Dei neste fire albuma vart spelte inn i same partnerskapen. Produsenten for albumet var Mack, som nyleg hadde produsert Queen-albumet The Game.
Sparks vende attende til rockestilen sin på dette albumet etter at dei to førre albuma hadde vore discoprega.[5] Mael-brørne fekk med seg bandet Bates Motel til å akkompagnere seg. Dei bestod av gitaristen Bob Haag, bassisten Leslie Bohem og trommeslagaren David Kendrick. Denne besetninga spelte inn dei fire neste Sparks-albuma, fram til og med Music That You Can Dance To i 1986. Haag, Bohem og Kendrick spelte òg inn musikk under namnet Gleaming Spires. Gruppa spelte inn tre studioalbum tidleg i 1980-åra og fekk ein liten new wave-hit, «Are You Ready for the Sex Girls?», i 1981. Bohem vart seinare manusforfattar i Hollywood.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Whomp That Sucker vart gjeve ut på fleire ulike plateselskap: RCA i USA, Underdog i Frankrike, Ariola/Oasis i Tyskland og i Storbritannia på det kortvarige Why-Fi Records. Albumet vart ikkje ein suksess i Storbritannia, men gjorde det forholdsvis bra i Frankrike, sidan det kom ut kort tid etter den franske hitten deira «When I'm With You» i 1980. I USA nådde albumet 182. plassen på Billboard 200, og vart det første albumet deira der sidan Indiscreet som gjekk inn på lista der.[6]
«Tips for Teens» og «Funny Face» kom ut på singlar. I Frankrike var «Funny Face» den første singelen, medan «Tips for Teens» var først ute i Storbritannia. «Don't Shoot Me» vart vald ut som B-side for «Tips for Teens» i Storbritannia.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Tips for Teens» | 3:33 |
2. | «Funny Face» | 3:24 |
3. | «Where's My Girl» | 3:14 |
4. | «Upstairs» | 3:40 |
5. | «I Married a Martian» | 5:12 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «The Willys» | 3:58 |
7. | «Don't Shoot Me» | 3:56 |
8. | «Suzie Safety» | 3:57 |
9. | «That's Not Nastassia» | 4:57 |
10. | «Wacky Women» | 2:47 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Love Can Conquer All» (Metallic Clang versjon) | 4:27 |
12. | «The Oblongs» | 0:59 |
13. | «Love Can Conquer All» (Smooth versjon) | 4:34 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Russell Mael - vokal, gitar
- Ron Mael - klaverinstrument, synthesizer, konsept for omslaget
- Bob Haag - gitar, ekstra korvokal
- Leslie Bohem - bassgitar, ekstra korvokal
- David Kendrick - trommer
- Mack - synthesizerprogrammering, lydar («knust glas»), produsent, lydteknikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Whomp That Sucker» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Sparks Songs, Albums, Reviews, Bio & More». AllMusic.
- ↑ «Sparks Tribute: A 50-Year-Old Band That Never Compromises».
- ↑ Allmusic review
- ↑ Rolling Stone review
- ↑ «Sparks - Whomp That Sucker». Allmusic. Henta 21. desember 2014.
- ↑ «Sparks in Billboard 200». billboard.com. Henta 23. april 2022.