Why Do Fools Fall In Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Why Do Fools Fall in Love)

«Why Do Fools Fall in Love» er ein song som først vart ein hit for rock and roll-bandet Frankie Lymon & The Teenagers i 1956. Singelen nådde førsteplassen på R&B-lista i USA[1] og sjetteplassen på pop-lista. I Storbritannia gjekk singelen heilt til førsteplassen på singellista.[2] Songen er rangert på 307. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Songen gjorde Frankie Lymon til ein rock and roll-pioner i ein alder av berre 13 år.

Låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1955 spelte The Teenagers (som då kalla seg sjølv The Premiers) ein song som heitte «Why do Birds Sing So Gay?» for George Goldner, som var plateprodusent og eigar av Gee Records. Jimmy Merchant, tenorsongaren i bandet, hadde skrive songen basert ei setning i på eit kjærleiksbrev til ein leigebuar i huset til bassist Sherman Garnes. Merchant skreiv ein song som Herman Santiago skulle synge, medan den lyse stemma til Frankie Lymon skulle vere harmoni. Under prøvespelinga for Godlner, foreslo han at Lymon skulle ta over vokalen. Frankie Lymon la seinare om melodien slik at han passa til si eiga stemme.[3]

Tidlege vinylutgåve av singelen hadde Frankie Lymon, Herman Santiago og Jimmy Merchant som låtskrivarar av songen, medan seinare utgjevingar tilskreiv songen til Lymon og plateprodusenten George Goldner. Goldner vart seinare bytta ut med Morris Levy då Levy kjøpte Goldner sin del i Gee Records, the Teenagers. Etter ein lenger rettssak vart songen igjen tilskriven til Herman Santiago og Jimmy Merchant i desember 1992.[4] Fire år seinare, i 1966, vart dette omgjort fordi Santiago og Merchant hadde brukt så lang tid før dei tok saka til retten og songen vart igjen tilskriven Lymon og Levy.[4]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta som B-side for Beach Boys-singelen «Fun, Fun, Fun», som nådde femteplass på Billboard Hot 100 i 1964.

Diana Ross gav ut ein versjon av songen i 1981 som nådde sjuande plass på lista i USA og fjerdeplass i Storbritannia.[2].

Why Do Fools Fall in Love har òg vorte spelt av fleire andre artistar som Kenny Rankin, Gale Storm, Marion Ryan, Alma Cogan, Young Son, Voices of Theory, Frankie Valli and the Four Seasons og Joni Mitchell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 368. 
  2. 2,0 2,1 EveryHit.com (søk etter songar som heiter «Why Do Fools Fall In Love»)
  3. Marv Goldberg's R&B Notebooks, «The Teenagers»".
  4. 4,0 4,1 Frankie Lymon, Find A Grave Memorial