Why Don’t We Do It in the Road?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Why Don’t We Do It in the Road?» er ein kort song av The Beatles, skriven av Paul McCartney, men som vanleg tilskriven Lennon/McCartney. Han vart gjeven ut på dobbeltalbumet The Beatles (White Album) i 1968.

Paul McCartney og Ringo Starr spelte inn denne korte songen utan at dei andre medlemmane av The Beatles medverka. Det var første gongen dette skjedde, men det skjedde stadig oftare etter kvart som forholdet mellom dei gradvis kjølna. John Lennon uttalte seinare at dette var den beste songen til Paul McCartney og det er mogeleg at kommentaren var spydig meint. Songen består av berre tre linjer, der den siste er den første om att. Teksten er særs seksuelt ladd:

Why don’t we do it in the road?
No one will be watching us,
Why don’t we do it in the road?

Songen kan òg vere ein kommentar til dronning Victoria II som prøvde å setje ein moralsk standard i England. Då ho vart spurt om ein særskild romantisk praksis, misforstod ho og trudde det handla om sex og svarte at det var akseptabelt, så lenge dei ikkje gjorde det i gata og skremde hestane.

Paul McCartney har uttalt seg om songen i eit intervju:
«Det er ei hending eg hugsar der John offentleg snakka om at han vart såra. Og det var då eg stakk av med Ringo og gjorde 'Why Don’t We Do it in the Road?'. Det var ei bevisst greie. John og George var bundne til å gjere ferdig eitt eller anna, og eg og Ringo hadde ledig tid, så eg sa til Ringo, 'la oss gå og gjere dette'. Eg høyrde seinare at John faktisk song han. Han likte songen og eg reknar med at han ønskte å gjere han med meg. Det var uansett ein særs John-aktig song. Det var derfor han likte han, tenkjer eg. Uansett, han gjorde det same med 'Revolution 9'. Han stakk av og gjorde han utan meg. Ingen pleier å nemne det. John er no ein veldig hyggeleg fyr, og eg er dritsekken.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]