Wichita Lineman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wichita Lineman
Singel av Glen Campbell
frå albumet Wichita Lineman
B-side «Fate of Man»
Utgjeve Oktober 1968
Innspelt 27. mai - 14. august 1968, Capitol Records i Hollywood i California
Sjanger country, pop
Lengd 3:05
Selskap Capitol 2302
Låtskrivar(ar) Jimmy Webb
Produsent Al De Lory
Glen Campbell-kronologi
«Gentle on My Mind»
(1968)
Wichita Lineman «Galveston»
(1969)


«Wichita Lineman» er ein song skriven av den USA-amerikanske låtskrivaren Jimmy Webb i 1968. Han vart først spelt inn av den amerikanske countryartist Glen Campbell og sidan blitt spelt inn av mange andre artistar. Versjonen til Campbell, som først kom ut på albumet med same namn frå 1968, nådde tredjeplassen på poplista i USA og låg inne på Topp 100 i 15 veker. I tillegg låg songen to veker på toppen av den amerikanske country-lista og seks veker på toppen av adult contemporary-lista.[1] Han selde til gullplate i USA i januar 1969.[2] Songen nådde sjuandeplassen i Storbritannia. I Canada toppa singelen både RPM-lista og country-lista.[3][4]

I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 192. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han er blitt kalla «den første eksistensielle countrysongen».[5] Den britiske musikkjournalisten Stuart Maconie kalla songen «den beste popsongen som nokon gong er skriven»;[6] og BBC kalla han «ein av dei sjeldne songane som ser ut til å leve i si eiga verd – ikkje berre tidlaus, men til sjuande og sist utafor moderne musikk».[7]

Bakgrunn og innhald[endre | endre wikiteksten]

Jimmy Webb fekk inspirasjon til å skrive teksten då han køyrte gjennom Washita County på landsbygda sørvest i Oklahoma. På den tida var telefonselskapa eigd av fylket og reparatørane var fylkestilsette. På veg vestover langs ein bein veg inn i solnedgangen, køyrte Webb forbi det som såg ut som ei endelaus linje av telefonstolpar. Så såg han langt borte silhuetten av ein einsam reparatør i toppen av ein stolpe. Han skildra «bilete på einsemd». Webb sette så «seg sjølv på toppen av stolpen og sette telfonen i handa på seg sjølv» medan han lurte på kva reparatøren sa til personen i andre enden.[8] Glen Campbell sa vidare til Dallas Observer at Webb skreiv songen om det første kjærleiksforholdet med ei kvinne som gifta seg med ein annan.[8]

Den faktiske songteksten nemner namnet «Wichita» i staden for Washita. Campbell sa det var fordi «Wichita kling betre.» Musikarane på innspelinga var Campbell, Al Casey og James Burton (gitar), Carol Kaye (bass), Jim Gordon (trommer) og Al De Lory (piano).[9] Orkesterarrangementet vart gjort av De Lory.

Teksten skildrar einsemda som ein linjereparatør føler når han arbeider og lengtar etter kjærasten sin.

Uttrykket «singing in the wire» kan syne til hylinga ein kan høyre når vinden bles gjennom telefonlinjer. Det kan samstundes syne til lydane repartøren høyrer når han lyttar på telefonlinja.[10] Orkesterarrangementet med fiolinar og klaverinstrument etterliknar desse lydane og høyres ut som ein morsekode, og teksten «I can hear you through the whine» syner vidare til desse lydane.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange smørsongarar, Tom Jones, Johnny Mathis, Robert Goulet, Andy Williams, Bobby Goldsboro og Englebert Humperdinck har spelt inn songen, dei fleste kort tid etter originalversjonen kom ut. Det var òg mange instrumentale versjonar, mellom anna av José Feliciano. Songen har òg blitt spelt av The Meters, Sergio Mendes & Brasil '66, Kool & The Gang, Urge Overkill, Freedy Johnston, Optiganally Yours, Shawn Lee, Scud Mountain Boys, Blueground Undergrass, James Taylor, R.E.M., The Clouds, Earl Van Dyke, King Harvest, Johnny Cash, Heaven 17 og Stray Dog.

Wade Hayes gav ut ein versjon i august 1997[11] som nådde 55. plassen på den countrylista i USA. Ein tyskspråkleg versjon vart spelt inn av Thomas Fritsch som «Der Draht in der Sonne».[12]

Lister og sal[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968-1969) Plassering
Australia (Go-Set)[13] 15
Canada (RPM) 1
Canada Country (RPM) 1
Irland (IRMA) 12
New Zealand (RIANZ) 10
Storbritannia (The Official Charts Company) 7
U.S. Billboard Hot Country 1
U.S. Billboard Hot 100 3
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Canada (RPM) 17
Storbritannia (The Official Charts Company) 56

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 43. 
  2. RIAA searchable database
  3. The RPM 100, Library and Archives Canada, 16. desember 1968
  4. RPM Country Chart, Library and Archives Canada, 13. januar 1969
  5. Dylan Jones: If You Ask Me
  6. Maconie, Stuart (2004). Cider With Roadies (1st utg.). London: Random House. s. 303. ISBN 0-09-189115-9. 
  7. «Wichita Lineman». BBC Radio 2. April 2005. Henta 14 February 2011. 
  8. 8,0 8,1 Robert Wilonsky (2 November 2006). «Power Lines : Jimmy Webb wrote one of the greatest songs ever. Just don't tell him that.». Dallas Observer. Henta 20 January 2010. 
  9. «Phonograph Recording Contract» (PDF). American Federation of Musicians. Henta 24. januar 2015. 
  10. What to do if you hear radio communications on your telephone, Missouri Public Service Commission
  11. «Wichita Lineman by Wade Hayes». CMT. 26 August 1997. Henta 24. januar 2015. 
  12. Discover the Original: Der Draht in der Sonne, coverinfo.de
  13. «Go-Set Australian charts - 12 February 1969». Poparchives.com.au. 12 February 1969. Henta 24. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]