Wictor Esbensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wictor Esbensen

Wictor Esbensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mars 1881
Vadsø i Noreg
Død

29. januar 1942 (60 år)
Ved sjøen, nær Falmouth

Yrke Kvalfangar

Wictor Esbensen (11. mars 188129. januar 1942) var ein norsk sjømann som var kjend for utforskinga i Antarktis i lag med svigerfaren Carl Anton Larsen, som leitte etter stader å drive kvalfangst. Han mista livet då skipet hans sokk under andre verdskrigen.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Esbensen var fødd i Vadsø. Då begge foreldra døydde i 1897 vart han adoptert av Larsen-familen og flytta til Sandefjord.[1] I 1907 i Ullern gifta han seg med Elvina Larsen frå Sandefjord,[2] som var dotter til skipseigar og kvalfangar Carl Anton Larsen.[3] Paret slo seg ned i Bærum, og fekk seks born.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Esbensen vart utdanna som førstestyrmann og skipskaptein.[2] Han var med på grunnlegginga av GrytvikenSør-Georgia i lag med Carl Anton Larsen. Esbensen leia Compañía Argentina de Pesca, som organiserte bygginga av Grytviken, den første landbaserte kvalstasjonen i Antarktis, og denne kom i drift i 24. desember 1904. Esbensen Bay er kalla opp etter han.[3]

andre verdskrigen braut ut vart Esbensen kaptein på skipet SS «Bjørnvik». Skipet kom seg unna den tyske invasjonen av Noreg den 9. april 1940 då det 3. april låg til kai i Methil i Skottland og gjorde teneste i og kring Storbritannia. Morgonen den 27. januar 1942 var skipet i rute frå Newport til Fowey med drivstoff i ein del av ein konvoi. På grunn av uvêr mista skipet kontakt med konvoien same kvelden og på ettermiddagen dagen etter vart det angripe og søkkt av eit tysk fly[4] utanfor Falmouth.[2]Skipet vart treft av fem bomber og sokk på eit halvt minutt. Det meste av mannskapet forsvann, inkludert Esbensen.[4] Berre førstestyrmannen, ein fyrbøtar og ein skyttar overlevde.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «1900 Census of Sandefjord». digitalarkivet.no. Henta 29. november 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Ording, Arne; Høibo, Gudrun Johnson; Garder, Johan (1949). «Esbensen, Wictor». Våre falne 1939–1945 1. Oslo: Grøndahl. s. 568. 
  3. 3,0 3,1 Headland, Robert K. (1984). The Island of South Georgia. Cambridge University Press. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «D/S Bjørnvik». Warsailors.com. Henta 7 February 2009.