Widerøe-brannen på Fornebu 1964

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulykkesflyet

Widerøe-brannen på Fornebu hende 5. mars 1964. Ein av Widerøes DC-3 var klår for avgang. Flyet stod utanfor hangar 37 (hangaren bygd i eitt med ekspedisjonsbygget) på «Gamle Fornebu» med 15 passasjar og ei besetning på tre. Destinasjonen var Rotterdam.

På grunn vêrforholda var flyet nettopp vorte oversprøyta med av-isningsvæske. Under oppstarten sklei flyet fram eit par meter og venstre propellar traff bensintanken på startaggregatet som antende og i løpet av sekund var heile flyet overtend. Startmekanikaren var lynrask og retta brannslukningsapparatet mot flydøra slik at alle ombord kom seg heilskinna ut.

Ulykkesflyet var LN-PAS, tidlegare eit Braathens-fly, kalla Norse Carrier. Det vart skaffa av Braathen i 1947 og gjekk i mange år i såkalt «sjømannscharter» med daglege turar til Rotterdam og Hamburg. Flyet var nyleg selt til Riis Flyrederi, som hadde leigd det ut til Widerøe på såkalt Dry lease-vilkår. Brannen utvikla seg så raskt at flyplassens eige brannvesen ikkje klarte å redda det. Det vart seinare brukt som øvingsobjekt for brann og redningstjenesta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]