Wiendokumentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Wiendokumentet er ein avtale frå 1990 mellom landa i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa med føremål om å auka tryggleik og tiltru mellom landa i organisasjonen.[1] Avtalen inkluderer ei årleg utveksling av militær informasjon om styrkar i Europa (definert som frå Atlanterhavet til Ural), varslingar for å risikoreduksjon som informasjon om uvanleg militær aktivitet og farlege hendingar, førehandsmeldingar om visse militære aktivitetar, observasjon av visse militære aktivitetar, utveksling av årlege kalenderar og kontroll av inspeksjon og evalueringsbesøk.

Informasjonsutvekslinga i Wiendokumentet er avgrensa til styrkar i Europa, medan Global utveksling av militær informasjon gjeld for alle styrkane til medlemslanda, uansett kvar dei held til. Den årlege utvekslinga av informasjon vert gjennomført samstundes som den årlege utvekslinga av informasjon frå CFE-avtalen i Wien i desember kvart år. Wiendokumentet vert revidert jamnleg; siste versjon i 2017 er frå 2011.[2]

Frå 2014 har det vore frykt om at Wiendokumentet er nær ved å verta de facto nedlagt grunna spenningar i Aust-Europa. Russland kunne likevel nytta avtalen i april 2015 for å tvinga NATO til å la russiske inspektørar vera til stades ved militærøvinga Joint Warrior utanfor Skottland.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]