IASP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wienerinternasjonalen)

Det Internasjonale Arbeidsfellesskapet av Sosialistiske Parti, òg kjent som toogeinhalv-internasjonalen eller Wienerinternasjonalen, var ein internasjonal organisasjon for samarbeid mellom sosialistar. IASP vart grunnlagt 27. februar 1921 på ein konferanse i Wien av ti parti, mellom dei det tyske USPD, Det franske sosialistpartiet (SFIO), britiske Independent Labour Party, Det sveitsiske sosialdemokratiske partiet, og Det austerrikske sosialdemokratiske partiet, som då heitte SDAP, no SPÖ. Grunnleggjarane av IASP såg verken den Andre Internasjonalen eller den Tredje Internasjonalen som alternativ. I april 1921 vart òg Det spanske sosialistiske arbeidarpartiet PSOE med.

IASP kritiserte begge dei to andre internasjonalane for dogmatisme, og hevda at ein måtte gå meir inn på den spesielle situasjonen i dei enkelte landa.

IASP var sterkt påverka av den såkalla austromarxismen.

Målet til IASP om å sameine den Andre og den Tredje Internasjonalen, nådde dei ikkje. Etter få år gjekk dei fleste medlemspartia i IASP inn i den Andre Internasjonalen att.

Kjelde: tysk wikipedia [1]