Wienerschnitzel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå matkjeda Wienerschnitzel.
Wienerschnitzel

Wienerschnitzel er ein tradisjonell austerriksk rett som særleg er knytt til Wien. Han er laga av eit tynt stykke kalvekjøt mørna med ein kjøthammar, dyppa i egg, vend i brødsmular og steikt.

Ordet «wienerschnitzel» kan sporast tilbake til 1862. Opphavet til retten er uklart. Ei utbreidd soge skulle lenge ha det til at han blei importert til Austerrike i 1857 av feltmarskalk Radetzky, men dette blei tilbakevist av mathistorikaren Heinz-Dieter Pohl i 1972. Pohl fann fram samanliknbare rettar frå 1700-talet som inspirasjon for wienerschnitzelen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «What You Need to Know About Austrian Wiener Schnitzel». The Daily Meal. 11. juli 2015. Henta 10. desember 2017.