Wienfilter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit wienfilter er eit apparat som utnyttar at partiklar med same elektriske ladning som rører seg rettlinja i eit kombinert elektrisk og magnetisk felt, vinkelrett på kvarandre og på rørsleretninga til partiklane, har same fart, uavhengig av massen deira. Partiklar som har passert wienfilteret og difor har same fart, får ei avbøying i eit magnetfelt som blir gjeve av massen til partiklane. Dette kan utnyttast i massespektroskop.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]