Wigger-elva

Koordinatar: 47°19′N 7°53′E / 47.317°N 7.883°E / 47.317; 7.883
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wigger mellom Zofingen og Strengelbach.

Wigger (tidlegare òg kalla Wiggeren)[1] er ei elv i dei sveitsiske kantonane Luzern og Aargau. Ho er ei viktig sideelv til Aare. Wigger er kring 41 km lang og renn frå sør til nord det meste av leia. Den største byen i Wiggerdalen er Zofingen.

Elva spring ut på nordsida av Napf i kantonen Luzern nær grensa til kantonen Bern kring 1300 moh. Her vert elva kalla Enziwigger. Ho renn gjennom ein smal dal mot Hergiswil bei Willisau der dalen vert breiare og flatare. Kort tid etter den vesle byen Willisau tek ho i mot Buchwigger og vert frå her berre kalla Wigger. Dalen vert stadig breiare og dannar ei vid slette. Nord for Dagmersellen er Wigger stort sett kanalisert og renn delvis parallelt med motorvegen A2. Mellom Reiden og Brittnau kryssar elva inn i Aargau. Ho munnar ut i Aare mellom Rothrist og Aarburg ved 395 moh.

Sideelvar til Wigger er Seewag, Wanger-Rot, Ron, Luthern og Hürnbach.

I 1821 vart løpet til Wigger kanalisert i Aargau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Article Wigger in: Geographisches Lexikon der Schweiz. Attinger, Neuchâtel 1910. Vol. 6, s. 632


47°19′N 7°53′E / 47.317°N 7.883°E / 47.317; 7.883