Wii Fit
Wii Fit | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Produsent(ar) | Tadashi Sugiyama |
Design(ar) | Hiroshi Matsunaga |
Komponist(ar) | Tōru Minegishi, Shiho Fujii |
Plattform(er) | Wii |
Utgjeving | 25. april 2008 |
Sjanger | Treningsspel |
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar |
Wii Fit er eit treningsspel på Wii, utvikla og produsert av Nintendo. Det vart gjeve ut i Japan i desember 2007, i Europa i april 2008, og i Australia og Nord-Amerika månaden etter. Spelet bruker eit balansebrett, som mellom anna kan brukast til å trene opp balansen og måle vekta til spelaren.
Spelet har også kome ut i ei utgåve på Wii U, under namnet Wii Fit U.
Wii Fit Plus[endre | endre wikiteksten]
Wii Fit Plus er ein oppfylgjar til Wii Fit, som også er utvikla av Nintendo. Spelet byggjer på det originale Wii Fit med 15 nye balanse-spel, og seks nye yoga- og styrkeøvingar. Nye funksjonar er mellom anna ein kalorimålar, system for å sette opp eigne treningsprogram, moglegheit for å sette tidsgrense for øvingane og val for å laga profilar for kjæledyr. Spelarar skal også kunne navigera raskare mellom øvingar, for betre flyt i treninga.
Wii Fit Plus er selt både i ein pakke med Wii Balance Board, og separat for dei som har Wii Balance Board frå før.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ www.nintendo.no/wii/spill/wiifitplus, arkivert frå originalen 19. august 2009, henta 10. august 2009