Wikinews
| Wikinews | |||
| | |||
| Type nettstad | forlate prosjekt, nettstad | ||
|---|---|---|---|
| Grunnlagd | 8. november 2004 | ||
| Hovudkontor | Tampa | ||
| Opphavsland | USA | ||
| Eigar | Wikimedia | ||
| Nettstad | wikinews | ||
Wikinews var ein open nyhendeportal der alle kan bidra til – og nytte – informasjonen som vert lagt ut, prosjektet er underlagt Wikimedia Foundation. Målet med Wikinews er å skape eit miljø der enkeltmenneske og «grasrotjournalistar» kan skrive uavhengige rapportar og artiklar om alt som foregår innan deira interessesfære.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I november 2004 vart det etablert ein demonstrasjonswiki for å vise at ein open nyhendeportal, der alle kan bidra er mogeleg. Prosjektet vart sparka i gang og støtta av Wikimedia Foundation. I desember 2004 vart ein engelsk og tysk versjon av nyhendeportalen publiserte i dei første betaversjonane. I januar og februar 2005 dukka det opp portalar på nederlandsk, fransk, spansk, bulgarsk, polsk, portugisisk, rumensk og svensk.
28. juni 2025 gjekk Wikimedia Foundation sitt Sister Projects Task Force gjennom eit forslag om å stenga Wikinews etter ein tre månadar lang konsultasjonsperiode.[1][2][3]
30. mars 2026 blei det kunngjord av WMF at Wikinews kom til å stengast og bl arkivert som ein lesbar versjon frå 4. mai.[4]
Norsk Wikinews
[endre | endre wikiteksten]Den 11. januar 2006 vart Wikinytt oppretta som Wikinews-portalen på norsk. I Wikinytt kan ein leggja inn artiklar på nynorsk eller bokmål. Det vart ei tid òg diskutert om ein skulle oppretta ein felles skandinavisk portal i staden for at kvart språk fekk sin eigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Public consultation about Wikinews", Wikimedia Meta-Wiki, Wikimedia Foundation.
- ↑ «Wikinews, a sister project to Wikipedia, faces imminent closure amid low web traffic». TheDesk.net (på engelsk). 11. juli 2025. Henta 13. januar 2026.
- ↑ «Proposal for Closing Wikinews - Meta-Wiki». meta.wikimedia.org (på engelsk). Henta 3. april 2026.
- ↑ «Board of Trustees Approves Closure of Wikinews». meta.wikimedia.org (på engelsk). Henta 30. mars 2026.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Wikinewsportalar