Wikipedia-diskusjon:Ønskte bilete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Flytta hit frå Wikipedia:Samfunnshuset av Ranveig 15. februar 2006 kl. 21:23 (UTC)

Utlysing av PAPARAZZI-konkurranse i Oslo ;-)[endre wikiteksten]

Eg lyser ut ein paparazzi-konkurranse for wikipedantar i Oslo-området! Vi treng bilete av partileiarar (og andre stortingsrepresentantar, for den del...) Om nokon ser Roy Waage, Jens Stoltenberg, Åslaug Haga, Lars Sponheim, Dagfinn Høybråten, Erna Solberg, Kristin Halvorsen, eller andre personar (i ei liknande høg stilling i eit norsk politisk parti) -- og tilfeldigvis har eit digitalt fotoapparat i lomma -- oppmodar eg dei til å knipse ein par-tre passfoto av vedkommande politikar og publisere biletet på commons.wikimedia.org under kategorien «Norwegian politicians».

Eg skulle gjerne sett meg på ein campingstol i Løvebakken sjølv, og knipsa nærbilete av forbipasserande, men eg bur og studerar i Bergen, og dei kjipe stortingspolitikarane heng berre nedpå Austlandet... ;-)

Eg utlyser ein ukjend (og reint pengeøkonomisk -og truleg til og med affeksjonsmessig- verdilaus) premie til beste paparazzi-passfoto publisert under GFD i Wikimedia!

På førehand takk for at de viser god sportsande i den komande konkurransen!

Med venleg helsing
kurtber 22. sep. 2005 kl. 15:25 (UTC)

No bur eg i Oslo og har digitalt kamera, men for eg skal ta meg fri frå jobben for å ta på meg paparazzi-hatten må eg spørje: Kva er premien? Edit: Du skulle utlyst denne tevlinga under valkampen... Då stod alle desse på stand nedetter Karl Johan... --Bep 7. okt. 2005 kl. 17:35 (UTC)
Orsakar seint svar :-) Jau, det hadde nok vore lettare under valkampen... Eg fann forresten ut at ein brukar på Bokmål tok nokre fine bilete frå blome-utdelinga når regjeringa møtte pressa for første gong, måndag. Men her var det berre nokre få av statsrådane som kom med (og ingen av opposisjonspolitikarane, naturleg nok...)
Eg vil fråråde at du tek deg fri frå jobben, for (som det står ovanfor) premien er både verdilaus og ukjend - hadde tenkt på å dele ut ein form for "beste paparazzi-medalje" som brukaren kunne pryde brukarsida si med (liknande Barnstar på engelsk Wiki - og der har dei faktisk ei fotograf-fjøsstjerne!)
No innser eg i ettertid at eg kanskje burde passe meg for å utlyse ukjende premiar når eg ikkje siktar høgare enn eit bilete på nettet... / Kurtber|Ordskifte 20. okt. 2005 kl. 11:18 (UTC)
Eg ser på desse bileta. Det ser ut som dei har bra kamerea, men etterarbeidet kan vek kritiserast. Mørke bilete med djupe skuggar! Føresler at originalane går ein runde gjennom Photoshop. --Bep 21. okt. 2005 kl. 20:38 (UTC)
Jobb gjerne med de jeg har tatt - de ble knipset i all hast i trengselen, og selv om jeg som du gjetter har et godt kamera må det mer til med slike lysforhold som det var den dagen. De har ikke fått noen etterbehandling; får du bedret på resultatet er det bare å laste opp over originalene på Commons. Cnyborg 13. nov. 2005 kl. 19:52 (UTC)

Slutt på bolk flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Ranveig 15. februar 2006 kl. 21:23 (UTC)



Flytta hit frå Wikipedia:Samfunnshuset av Ranveig 15. februar 2006 kl. 21:30 (UTC)

Lage illustrasjonar[endre wikiteksten]

Eg treng ei rekke prinsippskissar til prosjektet mitt med medfødde hjartefeil. Det ser ut som om eg må teikna dei sjøl, eller få nokon til å gjera det for meg (eg trur heildigitalt er betre enn innskanna tusjtegningar). Kan nokon tipse meg om grei billeg/gratis programvare for teikning, eller kan nokon lage slikt på grunnlag av tusjteikningar? --Ekko 7. okt. 2005 kl. 19:48 (UTC)

Eg har ingen peiling, men eit tips er Nocord. Ei blanding mellom lege og datamaskin. Sei frå om du ikkje får svar, så skal eg spørja han. --Eddi (Snakk) 7. okt. 2005 kl. 20:35 (UTC)

Nok ein gong synte det seg at når en først stiller spørsmålet, så finn ein svaret sjøl. Svaret var The Gimp, gratis og brukbart teikneprogram. Men takk for tipset, eg skal ha han i mente. --Ekko 8. okt. 2005 kl. 06:20 (UTC)
Ja, Gimpen er god, det kunne eg sagt deg før. :-P -- Ranveig 8. okt. 2005 kl. 10:09 (UTC)

Slutt på bolk flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Ranveig 15. februar 2006 kl. 21:30 (UTC)


Ønska portrett ?[endre wikiteksten]

Er det nokon artikkel der det er stor trong for eit teikna portrett?--Andreasv 29. august 2008 kl. 14:20 (CEST)